- Project Runeberg -  Ivar Aasen /
6

(1903) [MARC] [MARC] Author: Arne Garborg With: Olav Rusti
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Ivar Aasen

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

livde paa folkemunn, so fekk me eit norskt maal. Og
so gjorde me etter hans tru noko som der var gagn i.

Dei norskdanske saag paa Ivar Aasen. Kva
var dette for ein litin smaa-svein som seg munde
tru so vel?

— Ivar Aasen var ikkje anna enn han gav
seg ut for: bonde fraa Aasen i Ørsta sokn, Volla
prestegjeld paa Sunnmøre. Han hadde ikkje so
mykje som ein eksamen. Men um norskt maal
visste han meir enn nokon annan i den tid.

Han var fødd den 5te august 1813, just aare
fyrr Norig skulde ut av si „dansketid“. I smaa
kaar var han vaksin upp. Men hovud hadde han,
og granskarhug framifraa.

Av de vesle han heime fann aa lesa lika han
best bibelen; der stod so mykje forunderlegt i den
Attan aar gamall vart han lærar i bygdi, og eit
par aar etter huslærar hjaa kapt. Daae paa
Solnor, der han vart verande i 7 aar og hadde
læregutar som Ludvig Daae, seinare tingmann og
riksraad, altid vén med barndomslæraren sin. Desse
aari vart Ivar Aasens eigi beste skuletid.
Lensmann Aarflots boksamling opna seg for han, og
ein framifraa lærar fekk han i presten Thoresen
(vèrfâr til Henrik Ibsen); denne vilde jamvel hjelpt
han til aa studere, um han so hadde vori tenkt.
Men Ivar Aasen vilde vera de han var: bonde.

Han hev lesi med magt i desse aari. Og snart
fann han emne som han sjølv kunde arbeide med.
Han samla og etterfór blomar og vokstrar og
hadde til sist ei heil sunnmørsk urtesamling. Av
presten J. P. Berg i Borgund fekk han laane
gamallnorske bøkar og Rasks „islandske sproglære"; daa
kom han til aa sjaa, kor mykje gamalt og
merkelegt der var i hans eigi maal. So skreiv han baade
ei ordsamling og ei maal-lære til folkemaale paa

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Dec 20 20:05:52 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ivaraasen/0010.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free