- Project Runeberg -  Ivar Aasen /
8

(1903) [MARC] [MARC] Author: Arne Garborg With: Olav Rusti
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Ivar Aasen

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

Han svara vitskaps-sellskape ja, og hausten
1842 byrja han verke. De hadde fyrst vori
tanken at han berre skulde granske maali i Bergens
stift; dei galdt for dei eldste. Men han kom
etterkvart til aa gjenomfara de meste av lande, daa de
viste seg, at der var „levninger af det ved
forbindelsen med det germaniserede Danmark fortrængte
oldsprog“ all stad. Og ikkje berre „leivingar“.
De som Aasen fann var eit nynorskt maal,
sjølvstendigt framvaksi av de gamle og uppnya gjenom
ei rik og gjæv folkedikting; de var paa sine stadir
uppblanda, men de var ikkje „fortrængt". Sjølve
de nye Norig var de han fann paa dei gamle
tuftir, den sæle granskaren.

I 1848 gav han ut „Det norske folkesprogs
grammatik
“ og i 1850 „Ordbog over det norske folkesprog“.

Hermed var de fyrste og største gjort. Ivar
Aasen hadde vist at de norske maal var til, ja at
de livde eit friskare og rikare liv enn nokon hadde
drøymt um. Arbeide hans fekk den største ros.
Og den som roste de mest var han som vel i den
tid skulde skyna de best, prof. P. A. Munch.[1]

Ivar Aasen, bonden fraa Sunnmøre, stod fraa
den tid vyrd millom Norigs fremste lærde. Han
fekk ei løn av riksmidlar, som etterkvart vaks til
5000 kr. um aare, endaa han sjølv aldri søkte
paalegg. Han vart vald inn i vitskaps-sellskape i
Trondhjem, og av kongen fekk han ære- og
ordensteikn. Men kor mykje ros og vyrdnad han fekk,
— Ivar Aasen var bonde og vart so verande.

III.



For de var bonden han mest tenkte paa med
arbeide sitt.



[1] Munch kom elles seinare burt fraa den norske maaltanken.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Dec 20 20:05:52 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ivaraasen/0012.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free