- Project Runeberg -  Ivar Aasen /
18

(1903) [MARC] [MARC] Author: Arne Garborg With: Olav Rusti
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Ivar Aasen

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

grunnleggjar, leitar og førar; ein „fâr for folke“ i gamall
stil. Dei lærde no hev ikkje rom for slike
granskar-profetar. Men slike menn er de som nye og
nyvakna folk treng, um dei skal vinne nationalt liv
og framtid. Ivar Aasen er for de nynorske folk
ein Moses, som viser de vegen burt fraa de
framande Gosenland og heim.

V.



Aasens landsmaal vann stort samtykke millom
norsklynde.

De var dei som gjerne hadde set skrivemaaten
lagd nærare upp til den gamallnorske; tanken um
eit komande boklegt samarbeid millom alt som
enno var att av det gamle Noregsvelde, kunde
ikkje lenger kjennast framand.[1]

Men den skriftformi som Aasen hadde sett
upp, laut fyrst samle nordmennane. Her fekk ein
daa leggje arbeide no. Ein annan ting var der og
aa tenkje paa: um de nynorske maal i Aasens
form kunde leggje lettare veg millom Norig og de
nye unionslande.

Arbeidsmod og arbeidshug vaks. I Bergen,
der den norske tanken hadde vori uppe lengi,
samla i 6o-aari „Vestmannalaget“ mange um seg
og arbeidde godt. Kaupmann Henrik Krohn var
fyrigangsmannen. Blade „Ferdamannen“ gjekk i
1865—67, „Fraa by og bygd“ i 1870—74. Lage
held enno stødt fram; og eit i seinare tid tilkomi
spél-lag „Ervingen“ gjev vonir um, at Bergen kann
bli môr for eit norskt som for de norskdanske
teater. I Trondhjem arbeidde O. J. Høyem, mest

[1] Tanken hadde vori uppe fyrr; samfør eit forvitnelegt arbeid
av J. H. Prahl:Ny hungrvekja“; Bergen 1858.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Dec 20 20:05:52 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ivaraasen/0022.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free