- Project Runeberg -  Ivar Aasen /
19

(1903) [MARC] [MARC] Author: Arne Garborg With: Olav Rusti
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Ivar Aasen

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

med aa faa ut skulebøkar; han fylgde elles ikkje
Aasen i skrivemaaten. I Oslo vart i 1868 „Det
norske samlag“ skipa, til utgjeving av skriftir paa
norskt, landsmaal eller bygdemaal; og fremst
millom alle arbeidde i den byen Aasmund Vinje,
med „Dølen“, som alltid „gjekk etter sin eigen
primstav“, og alltid vart sakna naar han ikkje kom,
og med diktverk, som song, spotta, lo, grét, sjeldan
ferdige, alltid nye, daarande, hugtakande. Sogo
um korleis han sleit sine dagar, og kva løn han
fekk av lande sitt, skal eg ikkje fortelja her; ho
ligg som ei sorg yvi oss alle. Vinje arbeidde,
song og tilgav, til han døydde (1870).

Den norske tanken arbeidde seg i desse aari
godt fram. De ordskifte som var ventande um
skriftformi etter at Aasen hadde sett landsmaale
upp, kom med mykje liv i 60-aari og heldt paa ei
god stund frametter.

De galdt aa faa folke med, meinte dei unge. Men
folke, som ingin tanke hadde um gamallnorskt, fekk
ein freiste aa naa gjenom lett og livande nynorskt.
Aasens skrivemaate var fin og god, men tung, og
bygde i sùme ting vel mykje paa de serleg
vestlandske og de gamle. Ein fekk halde seg til de
som var aalment godt norskt no, og i
skrivemaaten serleg byggje paa folkevisune, men fyrst og
fremst so, at folke kunde lære seg sjølv aa lesa,
daa nordmennane ikkje som andre folk hadde
skulen aa lite paa her.

Ein heil flokk unge (W. Werenskjold, S. Schjøtt,
Olaus Fjørtoft
o. fl.) samla seg um desse tankane
og arbeidde for dei, i blad („Svein Urædd“,
„Andvake“, „Fram“) og andre skriftir. Magti var ikkje
stor; de hev aldri vori gjævt aa vera norsk i det
danske Norig. Men meiningane kom fram, og
tankane arbeidde seg smaatt um senn ut yvi lande.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Dec 20 20:05:52 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ivaraasen/0023.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free