- Project Runeberg -  Ivar Aasen /
22

(1903) [MARC] [MARC] Author: Arne Garborg With: Olav Rusti
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Ivar Aasen

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

folkeliv so fagert og varmt i stille ord, at knapt
nokon av skaldane vaare hev teki norsk ungdom
med seg som han i dette stykke. Men han kann
og spotte bitande kvasst, naar han møter fals og
fusk og slikt som inkje duger. Formi er i Aasens
kvæde mynstergod. De hev vori honom um aa
gjera aa vise, at de norske maale kunde fylle dei
strengaste krav. Soleis hev han og stundom gjevi
umsetjingar av mynsterdikt fraa framande
bokheimar; og ikkje ofte skal ein i noko maal sjaa
diktumsetjingar so gjenom fine og formklaare.

Men norskt er ikkje berre eit fint diktmaal.
De viser Aasen oss til sist i den vesle boki
Heimsyn“, der han paa eit par hundra smaae sidur gjev
eit merkelegt rikt utsyn yvi de som menneskja no
veit um skapningen. De vil ikkje i noko maal
vera lett aa faa so mykje kunnskap so klaart
framsett paa so faae sidur.

*



Ivar Aasen livde lenge og fekk sjaa mykje
ungdom vekse til og samle seg i alltid nye
flokkar um norskdoms-tanken. Endaa denne so
sjeldan kunde „løne sine folk“.

Sjølv arbeidde han so lengi han kunde. Soleis
var han i 1882—89 ein av tilsynsmennane ved den
norske bibel-umsetnaden (utførd av dr. Blix, prest
Belsheim og høgskulelærar, no skuledirektør Skard).
Og ymse andre arbeid hadde han fyri seg i desse
seinare tidir.

Men han vart alltid strengare i kravi til
sjølveseg, og kunde mindre og mindre gjera seg til lags.
Og alderdomen kom, og de bar ned-yvi meir og
meir; augo vart skrale: magti minka. I dei siste
aari kunde denne seige arbeidaren ikkje arbeide

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Dec 20 20:05:52 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ivaraasen/0026.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free