- Project Runeberg -  Johan Sebastian Welhaven /
4

(1909) [MARC] Author: Gerhard Gran
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

er meir folkekjær enn Welhaven. Tvertimot —
torer ein vel segja. Som diktar sveiv Wergeland
høgt yver det aalmenne skyn, og naar ein tek
undan dikti fraa den tid, daa han laag paa sitt
siste, er han utruleg lite kjend. Welhaven sine
romansor kann derimot alle nordmenner utanboks
fraa skuletidi. Dei er ei folkesameiga meir enn
noko av det, Wergeland hev dikta.

Det er det ulike huglijndet, som gjer skilnaden
millom dei tvo menner. Wergeland var endaa meir
enn Bjørnson det som Kielland kallar den landsens
blaasebelg, som heldt eld i alle avlar. Welhaven
sitt arbeid var meir aa sløkkja, der han trudde
det var eldsfaare, eller aa kjøva, der som han berre
saag røyk. Varselsropet fraa ein kritikar vert aldri
so folkekjært som lovnaderne fraa ein forkynnande
profet; bremsa gjer eit naudturvelegt arbeid, men
folk ser méd større undring paa lokomotivet i
susande fart.

Men er ikkje Welhaven i lag og lynde
endefram hugtakande eller elektriserande, so er hans
verk vigtugt og nyttigt nok likevel, og alle som
meiner, det finst andre ting i verdi enn politik, og
set pris paa anna enn det som hev matnytte, vil
minnast han som ein aandsriddar utan last og
ræddhug, som tok paa seg det utakksame yrket aa
tala um kunst til barbarar og um roleg
sjølv-gransking millom skraalhalsar.

Han er vel verd aa minnast.

I.

Enno den dag i dag høyrer me baade
utanför og ikkje minst i Kristiania stødt og stendigt
klagemaal yver, at hovudstaden i Norig ikkje
eidet, som han burde vera, at han ikkje hev nokon

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Dec 20 20:42:45 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/jswelhaven/0006.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free