- Project Runeberg -  Johan Sebastian Welhaven /
5

(1909) [MARC] Author: Gerhard Gran
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

sersvip, at han ikkje evlar aa fylla den uppgaava,
som paaligg han — aa vera den godkjende og
sjølvsagde samnemnar for alt stræv i landet, — at
det enno skortar mykje paa, at han er det
hankande hjarta i landet — han eig ikkje den
aands-luft, som høgare kultur kann trivast i, — han er
snaud for vænleik og ynde, — kunstnarar kann
ikkje bu her, vitskapsmenner vantrivst her osb.
osb. Mange av desse klagemaali kann ha sin rett,
endaa um dei er sterkt yverdrivne. Samanliknar
ein tilstandet med det som var i Welhaven sin
ungdom, er skilnaden likevel overlag; den gongen
kunde dei i sanning ha grunn til aa klaga.

Daa Welhaven i 1825 vart student, var
Kristiania paa lag 12 gonger mindre enn no, kring
um 20,000 menneskje. Paa ei liti vidd laag det
nokre hussamlingar; der som no storbylivet
breider seg, paa Karl Johans gata, var eit ulende med
kjørr og runnar, og der som universitetet ligg,
hadde sundagsjægarane den gildaste veideskogen,
naar dei jaga etter rugdor og snipor. Audt og
daudt var det i dei breide gatorne millom dei
laage husi, svært sjeldan rulla ei vogn ljomande
gjenom øydni. Fru Ullmann hev fortalt meg, at
daa ho var ung, kunde ho ofte staa i eit korter i
gatedøri paa voni, at det kann henda skulde gaa
eit menneskje l’ramum, men at ho jamnast gjekk
innatt lapøyrd utan slik ei storhending. — Det
fanst ingenting aa bisna paa, ingi bygningskunst,
mest ikkje noko sogeminne. .Jordbotnen var
sjølvsagt den same som no, leirut og saurut; men vilde
ein vaska seg, so stod ein der — Kristiania aatte
til 1827 ikkje noko badekar. Og kva skulde ein
stakars ferdamann gjera av seg um kvelden i denne
byen utan aalmenn moro og gaman? Lenge kunde
han ikkje halda ut i den einaste kvæve skjenkje-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Dec 20 20:42:45 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/jswelhaven/0007.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free