- Project Runeberg -  Johan Sebastian Welhaven /
13

(1909) [MARC] Author: Gerhard Gran
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

ken inni seg ined. Ikkje berre bokheimen, men
heile landet er i faare, folkeframvokstren er komen
inn paa ei lina, som vil føra det til undergang,
um ein ikkje stoggar det paa vegen.

Og medan livet heime laga seg so
avstyggje-legt, kom det kjære Danmark farande til
Kristiania midt i den verste tidi og gjorde han endaa
vissare i si sak.

Dr. Ryge kom (1833) og spela Hakon Jarl, og
gjenom den meisterlege tolkingi til den vidgjetne
skodespelaren fekk Welbaven eit endaa inderlegare
skyn paa den danske vænleiksverdi.

Men mest hadde det aa segja likevel, at
dik-tarkongen sjølv det aaret gjesta Norigs hovudstad.
Welhaven fagna han i eit glødande kvad og høyrde
til den krinsen, som helst kom til aa lauga seg i
naadestraalarne hans.

Kristiania gjorde mykje krus for han,
upp-glødingi var stor, festmaalet sers livlegt og bladi
fulle av dikt skrivne i ørska vver den namngjetne
gjesten. Men so kunde ikkje Wergeland halda
seg; all denne offerrøyken vart for kjøvande for
han, og han var so taktlaus, at han busa ut med
eit ufint aatak paa diktaren, alt lyrr han hadde
fare burt. For Welhaven var dette aataket paa
ein saklaus giest eit nytt brev paa farkeferdi i den
tidi, eit nytt prov paa, kva det var for ein ramp
han livde millom. Den vyrding, Oehlenschlager
hadde synt han, daa han var i Kristiania, gjorde
visseleg sitt til, at han kjende seg fastare i sålen
og feste seg i den yvertydingi, at det var han som
hadde rett, og dei andre, som hadde urett.

Dette aaret, — bondestortinget og
Oehlenschlii-ger sitt aar, kom Welhaven paa den tanken aa
skriva eit dikt, som skulde vera eit aalvorsamt

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Dec 20 20:42:45 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/jswelhaven/0015.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free