Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Ak, intet vingeslag, naar solen rinder,
kun taagens flagren, der langs aaen stiger,
og klagen over byrdefulde tider,
men ingen aftensang, naar dagen lider.
I by og bygd den same øydni for den, som
lengtar etter aand og kultur. — Kristiania er ein
syrgjeleg millomting av ein hovudstad og ein
smaa-bv. Kristianssand er ein „halvdød hval, der
gisper mat paa land“. Bergen er sundagsklædd og
nett aa sjaa til, men sjølvgod og utan sans for
anna enn fisk og handel. Er det slik i dei
store byarne, kann ein gjerne spara seg for aa
leita etter aandsglimt i smaabyarne og paa landet;
heile samfundet er gjenomsyrt av den grovaste
materialisme. Endaatil grunnlovi er berre utvertes
ein god ting: for me vantar samfundsaand, ein
samlande tanke, som kunde faa oss til aa kjenna
oss som eit folk; me vantar
det aandens taktslag i den mindste gjerning,
der gaar som nerve i det store hele.
Me gjeng enno og lid etter den lange træletidi
i sambandet med Danmark; alt det som daa visna
i Norigs dalar, alle dei renningar, som daa rotna,
— kann me ikkje gjera like for med kunstige
plantehagar, og endaa mindre kann me retta paa
tapet med kyt og skryt. Sjølvsagt var det ei lukka,
at me ,,fann“ fridomen den vaarmorgonen; men
folket hev enno ikkje vakna og veit ikkje, kva det
skal gjera med den dyre fund.
Store ord og feite glosor er det me liver paa,
me dansar med jubel um det norske flagg, utan
at me hev den minste tanke um meiningi med
merket Uppglødingi i folkemugen er berre hurra-
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>