- Project Runeberg -  Johan Sebastian Welhaven /
19

(1909) [MARC] Author: Gerhard Gran
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

med eit dansk ord kallar ei „rappenskraldeHo
tala kavende bergensmaal, og stod aldri i beit for
svar. Ho var dotter til soknepresten til
kross-kyrkja i Bergen, Joh. Sebastian Cammermeyer, som
var ein sermerkt bønemann; men ikkje er det likt
til, at det livsfiendske myrkret, han spreidde ikring
seg, paa nokon maate hev kverka det ukuelege
livsmodet eller stagga del uslitelege munnléret
hen-nar. Det ser daa og ut til, at ho hev slegta meir
paa mor si, Maren f. Heiberg, eit systkinbarn til
P. A. Heiberg, ein av dei mest kvassmynte menner
i nordlandi. Madam Cammermeyer var eit sterkt
og traust kvende med eit sermerkt Heiberg-andlit.
Ogso sonen hennar hadde mykje av Heibergarne i
andlitet sitt, liksom han 6g i aandssvipen sin hadde
fleire av serdragi til denne evnerike ætti, — heilt
fraa den eldste og til den nolivande repræsentant
for ætti i bokheimen, Gunnar Heiberg: sermerkt
kunstsans, fyndigt vit og ei ordhegd som aldri var
ibeit for svar. Welhaven meinte daa 6g sjølv, at
• han hadde givnaden sin fraa morsida og sette
ser-leg pris paa fiendskapen med Johan Ludvig
Heiberg.

Likevel ser det ut til, det hev vore ein meir
inderleg kjærleik millom han og faren, som hadde
eit heilt anna huglynde enn mori. I forstand stod
han knapt yver medeltalet; eg hev lese igjenom
nokre av preikorne hans og lleire dikt; preikorne
er reint uttogne talemaatar i det vanlege teologiske
kraakemaalet, — versi er daamlause rimingar.
Men daa eg blada igjenom dei smaa, gulna bladi
i „Adresseavisen11, fekk eg auga paa ein liten
inn-sendar millom lysingarne, som braatt gav eit nytt
bilæte av mannen; gjenom desse ti linorne bivra
det djupaste i hugen hans. — Ender og daa driv
det gjenom gatorne i Bergen ein liten flokk uluk-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Dec 20 20:42:45 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/jswelhaven/0021.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free