- Project Runeberg -  Johan Sebastian Welhaven /
24

(1909) [MARC] Author: Gerhard Gran
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

um aa gifta seg var so fatig som raad kunde vera.

Men Ida vart sjuk, vaaren 1840 er ho svært
Teik, ho lyt halda seg inne vika etter vika,
maa-nad etter maanad, dei elskande hev ikkje høve til
aa sjaa kvarandre, Welhaven fekk tola djupe
krenkjingar i den stygge bladstriden, som forfylgde
han, av di han søkte eit lektorembætte ved
universitetet; men aaleine laut han gaa baade med
hoggi og med sorgi yver sjukdomen til Ida, harde
kaar aa liva under.

Endeleg daa lækjaren hadde sagt fraa, at
sjukdomen var svært aalvorsam, gav foreldri til Ida
etter, og i minsto fraa september godkjende dei
trulovingi. Welhaven kom no i heimen hennar
kvar dag, men berre for at han skulde vera vitne
til, korleis ho kvarv burt — time for time.

Den 7. september døydde ho.

Det var som alt ramla ihop for han, — han
orka ikkje aa tenkja paa jordferdi, — han sette
seg i ei vogn og køyrde utyver landevegen, køvrde
og køyrde til langt paa natt, til han stana ved
Torsøy herregard; der vekte han den gamle venen
sin — eigaren — Zacharias Møller Kva dei tvo
tala um, finst det ingen, som veit. Men ei tid
etter saag ein atter Welhaven paa gatorne i
Kristiania, strunk og stram som alltid, — væpna mot
tydskap og medkjensla, - og atter fekk godtfolk
høve til aa røda um kulden og hjarteløysa til
„Dæmrings“-skalden. Men til systeri si, Maren
(fru Sars) sa han: „Det er broste ein streng i mitt
hjarta, som aldri vil heilast“.

Kjærleiken til og tapet av Ida Kierulf er utan
tvil den djupaste røynsla, Welhaven hadde havt,
og av den største vegt for diktingi hans. Nyere
Digte (1845) er fyllt av henne. Som vanleg er
Welhaven bljug og legg ikkje si hjartesak fram

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Dec 20 20:42:45 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/jswelhaven/0026.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free