- Project Runeberg -  Johan Sebastian Welhaven /
32

(1909) [MARC] Author: Gerhard Gran
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

helsa fulla med gleda dei nyfunne eventyr og
segner; men han var ikkje heilt nøgd med den
maaten, dei vart fortalde paa, — dei var for
folkelege — han vilde heller ha deim i ein meir pynta
skapnad utan ragg og kantar — liksom Camilla
Collet og mannen hennar, og sannskildringarne til
Asbjørnsen baud honom imot; mot eil stykke som
„Plankekjørerne“ heldt han seg for nosi, og bruka
unemnande ord for den ufyselege illteven, som han
med den kunstfine nosi si totte det stod av det
slag naturalisme.

Og dinæst — lenger ut i 40-aari kjem det nye
skyer i himmelsynet, me nærmar oss 48, der er
æsande uro i folki kring um i Europa, ingenting
stend fast, upprørsrøyster reiser seg snart her
snart der, tvil og uppløysing til alle kantar,
disharmoni og ufred:

saa lummertung, saa fuld af uveirsgru
har luften sjelden ruget over jorden,
som tidens skyer, der fortsettes nu
og føder angster for den nye torden.

Og daa so det velduge utbrot kjem i februar
og lufti atter vert fyllt av fridomsrop og
øydings-krig, so stend Welhaven med den same mistrui,
som han hadde havt mot skraalet her heime i
30-aari, revolutionen rar for honom berre ytre staak
og hoie talemaatar; han var ikkje god for aa linna
livsens vokster i ordskumet fraa folketalarane, det
heile var for honom no som den gongen tomt
kling-klang utan indre verd.

Men februarrevolutionen vekte ikkje paa langt
nær den etterklang her heime, som
junirevolutionen hadde gjort. Den vesle arbeidarrørsla, som
blakra upp i Kristiania under Marcus Thrane,

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Dec 20 20:42:45 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/jswelhaven/0034.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free