- Project Runeberg -  Johan Sebastian Welhaven /
34

(1909) [MARC] Author: Gerhard Gran
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

paa dette er den utgreiding, han skreiv i den
franske tidsskrifti L’Europe littéraire um den tyske
filosofi, straks han var nybakt juridisk kandidat.
Tri-fire og tjuge aar gamall syner han ein grundig
kjennskap til dei vandaste av alle bøker, Kant,
Fichte, Schelling, Hegel sine verk. Og ikkje berre
det — men han stend heilt kritisk og fritt til
deim, løyser upp slutningarne deira og slær ned
desse kjempesystem til det reine ordjugl. Sjelv
stend han paa trygg grunn i realismen og
induktionen og tek eit standpunkt, som ligg svært nære
det, me veit Stuart Mill hadde. — Ein bøy gjer seg
med vyrdnad for eit so megtigt vit, men paa same
tid kann ein ikkje vera blind for, at denne
yver-megtige kritik ogso er ein vitnesburd um
avgrens-ingi for Schweigaards aand: han vanta den
spekulative evna; han hev berre auga for det ædruge
maal, som røyndeting talar. Og dette voks med
aari i so stor mun, at han til slutt hata alt, som
heitte tankar; kvart eit langsyn, kvar ein freistnad
paa aa skipa riksstyret inn under ein tanke, møtte
han stødt med dei ordi: det er ikkje det, som ligg
fyre. — Og det, som laag fyre, det han no saag
som det einaste vigtuge for landet, — det var
næringsvegarne.

Var det i Wergelandstidi den jublande
sjølvkjensla braut ut i dikt, gav P. A. Munch si tid ro
for den stille folkelege sjølvgranskingi, so var
Schweigaard si tid grunnleggjande for velstandet.

Alle tri skifti er sjølvsagt like vigtuge for
folkeframvokstren. Men Welhaven hadde slett
ingen sans for velstandet; naar han saag sin gamle
ven og sitt ungdomsmynster i brodden for dette
arbeidet, tykte han dei hadde „spændt en araber
for en møgkjærre *. Med mismod ser han fram-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Dec 20 20:42:45 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/jswelhaven/0036.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free