- Project Runeberg -  Norsk klædebunad : (fraa ymse bygdir) /
5

(1903) [MARC] Author: Hulda Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - {Indledning]

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)



Folke i Norig hev havt hug for kunst og vit
paa kunst; det ser ein av gamalt norsk arbeid.
Fraa husi dei budde i og til kvar minste bruks
ting, det maatte alt vera fint paa lag og vent paa
lit, so ein kunde hava hugnad av det. Dei lagde
umtanke og gløgt arbeid paa kvar ting, smaatt
som stort, paa peiskrakken, tre-skeîi, selepinnen,
likso vel som paa høgsætbenken og den staselege
bruresleden. Soleis vart det svip paa alt, og
hyggje og tekkje med alt, og det um det so var
i den einslegaste fjell-stogo. Like eins vart der
hugnad i sjølve arbeide; det var ikkje berre den
snaude knipne naudberging, som det no altfor
ofte er.

Og der var tanke i stræve, framtanke. Det var ikkje berre aat seg sjølv ein arbeidde; alt maatte vera soleis fraa-seg-gjort, at det med ære kunde gaa i arv til deim som etter skulde koma. Um det var eldjarne under gryta, eller laase paa den ringaste bur-dør, det var so vel gjort og vent stellt, at det enno kann vera mynster for kunst-handverkaren.

Ikkje minst i klædebunaden synte det seg, at folke hadde glede i det som vent var, og vit baade paa fargar og mynster. Knapt noko land i vaar jordbolk hev havt so mange forvitnelege klædnad-mynster, djerve og samstundes gløgge i farge-samansetnaden, og sermerkte og mangeleis skiftande paa lage. Ja ofte so modigt tenkte i

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 12:53:27 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/kladebunad/0007.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free