- Project Runeberg -  Norsk klædebunad : (fraa ymse bygdir) /
16

(1903) [MARC] Author: Hulda Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Hardanger

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

- i6 —

ningspiger") ved turisthotel og badestadir; han vart
teater- og maskeradebunad i byane, og
barnebu-nad og dokkebunad og alt som var; med eit ord:
han vart den „norske nationaldragt".

Og hardingbunaden er so fin, at ein godt
kann skyna at han kom paa grymdi. Men liksf
fin og svipleg som den rette er, likso fæle er
flestalle ettergjorde. I staden for den utifraa fine
kvite skjorta med dei namngjetne
hardanger-kröt-saumane paa fint lin-lereft*), med den høge og
stilfulle kragen og dei yversauma hand-liningane, vert
oftast bruka eit „bluseliv" med nymotens skurd
eller ei nattrøye med „lengdir" utsauma paa
maskine. Og so sjølvsagt snørliv under. Og livstykke
av fløyel, plysch eller anna kaupety, ofte gale
skori og pynta med maskerade-glitter. Dertil
spring-styvlar, skeive kannhende, og svart kjolestakk etter
moten no, kannhende med nokre raude ullband
paa, eller nokre sylvsnorir, og so pannehaar, eller
„forheng" kannhende; daa skal du segja det vert
„norsk nationaldragt" ! Dei utlendingane som fér
gjenom turistbygdine maa faa underlege tankar
um „nationaliteten" vaar.

Paa bilæte ser ein korleis ein konebunad
fraa Hardanger skal sjaa ut. Gjentebunaden er
den same, so nær som at skaute skal ikkje vera
med der. Men harding-gjentune skulde taka upp
den gamle haarsetjingi att (flettur med „roggeband",
lagde rundt hovude og feste med eit sylvspenne), i
staden for flettune ned-etter ryggen. Mange brukar
no ei lita luve, som dei trur skal høyre bunaden
til. Men den er visst komi paa drift fraa
Nordfjord eller Selbu eller Surendalen, der huvur paa

*) Desse utsaumingane („hardangerbroderiet") hev i seinare tid
spreidt seg vide kring i ei heilt fuskeleg og misfari form,
stukki paa grove ty-slag i keivelege store mynster. Det
rette slage er sauma paa serskilt fint heimevovi lmty.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 12:53:27 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/kladebunad/0018.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free