- Project Runeberg -  Norsk klædebunad : (fraa ymse bygdir) /
23

(1903) [MARC] Author: Hulda Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Den gamle sunnhordlands-bunaden - Færøybunaden

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

Raud og blaarandut toppluve høyrer til, og svarte
og kvite mynstra hosur. Raude og kvite hoseband.
Knebroki sit stramt og hev tri knappar og spenne
ved knée- Trøya stutt og innsvinga i ryggen.
Mynster kann ein faa gjenom Norskt
maalkontor, Oslo.

Færøybunaden



likjest mykje paa den sist nemnde; men trøya
sit stramare um kroppen, daa ho er attkneppt
baade uppe og nede, berre opi i bringa, og
fargen er myrkeblaa. Vesten som ikkje viser
stort, er høgt raud med fleir-lita silke-krotsaum;
denne kann vera burte, men er svært ven.
Ho-sune skal vera kornblaae. Men mindre sers, og
dermed meir brukelege vert klædi, naar hosune
er svarte eller myrkt blaae. Til høgtidsbruk bør
ein hava dei ljosblaae likevel; det er so friskt og
fint. Til færøyklædsla som til dei fleste norske
høyrer sylvknappar og spenne.

Arbeidsklædi paa Færøyane kunde etter mi
meining vera mynster for ein kvardags- og
arbeidsklædnad aat karfolki i alle nordlandom.
Han er Iidug og lugom og sterk og god, plent
som det trengst i vaart vér- og varmelag; og
han er høveleg varm og ikkje tung. Lett er han
aa saume og; kvart kvinnfolk kann lære det.
Ven er han attpaa.

Han er all igjenom av ull. Utanpaatrøya og
hosune er av denne ufarga vene gul-brune ulli
som dei hev nøgdi av derburte, av di dei legg
sers vinn paa aa halde uppe dette brune
saue-slage. Ufarga ull er framifraa varm, og held
dertil væta betre ute enn farga ull, som alltid vert
turr og utvaska. Trøya hev heil rygg og heile
fram-stykke og er berre fest saman i halsen med ein

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 12:53:27 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/kladebunad/0025.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free