- Project Runeberg -  Kva krev vaar tid av ungdomen? /
4

(1913) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

lon, — jau daa er det mange um bodet. Det er snobbeskapen
som gjer det: dei reknar kropps-arbeidet simpelt.

Kva skal me kalla det: at me enno er slike heidningar her
i landet? me kjem i hug at Vaarherre var sjølv kroppsarbeidar,
og dei fleste av apostlane hans med.

Kropps-arbeidet adlar mannen likso mykje som
aands-ar-beidet. Kann henda vel so det: kropps-arbeidet skapar i
regelen sunnare og friskare menneskje. Og «den som av Gud fekk
sitt adels-brev, han treng inkje kongens stempel".

Vaar tid krev ein du gan de ungdom; og ho krev ein
paalitande ungdom. Dei tvo tingi hoyrer i hop. Ordet dygd
kjem av dug; det me hev tusen-aars røynslor for at det duger
i lengdi, — det er det me kallar dygder.

Me hev mange tusen-aars røynslor for det duger i lengdi
aa vera ærleg. Ærlegt varer lengst. Eg meiner vaar tid kjem
til aa slaa fast det — meir enn nokor onnor tid hev gjort.

No hev me telefon, telegraf, god samferdsel, — det kjem
snart ut kven som er aa lita paa. Eg høyrde nett ein mann
vart uppringd i telefonen; dei skulde slutta ein handel, so spurde
dei etter um kjøpåren var aa lita paa; fekk straks greida paa
det. Sakførarar, bankrnenner, forretningsfolk, alle brukar telefon
og telegraf dagstødt, so dei fær kjennskap til deim dei hev med
aa gjera, um dei er paalitande.

Det er ikkje fritt det kjem klagemaal fraa utlandet at norske
varor er tidt so ujamne. Det kjem ei sending med gode varor;
men so kjem det e i sending med laake varor fraa same kanten.
Slikt duger ikkje. Me kjem til aa tapa i konkurransen, lærer me
ikkje aa alltid gjera fyrste sort arbeid. Er ulukka ute, som
det kann henda den beste at han fær skjemt ut arbeidet sitt, —
so lyt han anten vraka det, eller setja merke paa det at dette e r
ikkje fyrste sort arbeid, og so setja prisen ned. Det er ærleg
manns ferd. Og det duger i lengdi.

Alle som slurvar med arbeidet sitt, alle som dovnar seg
under arbeidet, alle utrugne tenarar, alle som borgar og ikkje
be-talar, laaner og ikkje gjev att, — dei fær uord paa seg: ingen
vil ha med deim aa gjera; dei kjem ut or- dansen.

Me nordmenn maa taka oss paa tak, so me alltid gjer
arbeidet godt. Ikkje einaste 1 ikso godt som andre, men betre
enn andre folk. Arbeidet vaart lyt vera det beste i sitt slag.
Det skal vera vaar nasjonal-vyrdnad, vaar folke-æra.

— Me hev mange tusen-aars røynslor for det duger ikkje
aa drikka seg drukken. Eg meiner vaar tid kjem til aa slaa
fast det med jarnhand. Det tjugande aarhundradet hev ikkje
bruk for folk som tek seg eit rus ender og gong. Ein kann
ikkje lita paa deim. Ein kann ikkje lita paa deim naar dei

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 13:21:58 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/krevavungd/0006.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free