- Project Runeberg -  Kva krev vaar tid av ungdomen? /
6

(1913) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 6 —

Me maa læra passa tidi betre. Tidi er noko med det
dv-raste me eig. Og so gildt er det: me eig like mykje av henne,
anten me er rike eller fatige.

Nervøst? Nei tvertum! det er sumle-koppane som vert
nervøse, skal eg segja: dei som ikkje passar tidi, so det
hau-gar seg upp med arbeid rundt ikring deim; og so fær dei so
mykje aa gjera paa ein gong og so liti tid til aa gjera det alt
saman, at dei fer att og fram som ei forstyrra veggjelus, det
vert dei nervøse av. Men eg tenkjer de kjenner slike rolege
folk, som alltid hev god tid, av di dei alltid passar tidi, kann
gjeva seg god tid med arbeidet sitt, og faa gjort alt i rette tid.
Det er dygdi!

Dagen til arbeid, natti til kvild, — det skapar sunn og
nervesterk ungdom. Det er ein fante-skikk naar ein skal ha
fest, at det plent skal dra ut paa morgonsida. So stel dei timar
fraa kvildi; det vil segja: dei stel magt fraa arbeidet. — Veit
de at dei engelske studentane i Oxford lyt vera inne kl. 9 um
kvelden ? det gjeng folk rundt i gatone og inn paa kafeane og
ser etter: raakar dei paa ein student etter kl. 9, lyt han standa
til rettes for professorane dagen etterpaa. Eg skulde havt moro
av aa set andliti paa dei norske studentane, um dei fekk den
regelen ! Men dei engelske studentane finn seg i det: dei
sky-nar det duger i lengdi; naar dei ligg der ved skulen, lyt dei
nytta kvar arbeisdagen heilt; elles kjem dei snart til atters: der
er konkurranse der. Difor er det og slikt staal i dei engelske
studentane. Me kann misunna England slike studentar.

Ein arbeidsfrisk ungdom, som vaknar like arbeidsfrisk kvar
morgon — han kann gleda seg til arbeidet sitt. Og
arbeidsgleda er den største arbeidsstyrken.

Dei segjer det dei som kjenner til det: det er
folkehøg-skulane som hev lyft jordbruket i Danmark. Ikkje soleis at dei
hev jordbruks-fag paa høgskulane der. Men dei lærår sjaa med
heilage augo paa fedrajordi og sjaa med heilage augo paa
jordarbeidet. So kjem dei heim med meir tru til arbeidet sitt,
med meir gleda i arbeidet. Fleir enn ein dansk bonde hev
sagt med meg: naar han kjem attum plogen, daa tenkjer han
paa fedralandet, «at vort lille Danmark maa bli kønnere og
rigere". — Eg kjenner ein norsk bonde. Det er ikkje stor
jordvegen han hev; men den vesle jordvegen hev han dyrka som
ein hage. Han synte meg rundt. Han hadde freista med ymse
slag gjødslings-maatar, hadde funne ut: det som høvde best aat
hans jord, var luftgjødsel attaat naturleg gjødsel. »Sjaa no kor
det gror, sa han; no hev eg funne rette maaten"; det var so
det straalte av han! Han hadde freista med ymse slag
kraftfor, hadde funne ut: det som lønte seg best var kaalrot, daa

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 13:21:58 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/krevavungd/0008.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free