- Project Runeberg -  Kva krev vaar tid av ungdomen? /
8

(1913) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Ikkje minst treng me ein truande og trusterk ungdom naar
me ser paa dei uppgaavone vaar tid legg fram for oss; med
eitt ord: dei sociale uppgaavone.

Med same eg nemner namnet, er det som stupbratte fjellet
ris upp beint fram for oss. Ja menn skal det tru til aa leggja
i veg og klæ det fjellet.

Det er ikkje undrande at gamle folk stend modlause og
segjer: det nyttår inkje. Det er gildt naar gamle folk er so
ungdomsfriske at dei kann tenkja nye tankar og brøyta nye
veg-jer. Men det er vel ikkje ventande. Frelsaren sa ein gong so
vænt eit ord nm dei gamle som ikkje vilde vita av det nye,
(endaa det var dei gamle farisæane, som ikkje vilde vita av det
nye han kom med). Aa nei, sa han, den som hev smakt den
gamle vinen, han vil ikkje smaka den nye, for han segjer den
gamle er best. Vidunderleg vænt sagt. Det skal læra oss yngre aa
ikkje fara strengt med dei gamle, um dei stend tvilande der
det gjeld noko nytt.

Men at ungdomen stend tvilande og modlaus og segjer
det nyttår inkje, — det er svartedauden det. Vaar tid hev inkje
bruk for slike ungdomar. Kjem vaart folk til aa faa mykje slik
ungdom, so kann me likso godt pakka saman.

Den som alltid trakkar dei gamle vegjene og aldri tenkjer
ein sjølvstendig tanke, — han legg ikkje ei ain til sin eigen
vokstr eller til folkevokstren. Det er summen av dei
sjølvstendige tankane og dei sjølvstendige viljane som skapar
framgangen i eit folk.

Mannen aat det tjugande aarhundradet er ikkje papa-dalten,
som berre tærer paa rentone av fars arbeid. Men det er det
amerikanaren kallar »a self-made man": ein mann som sjølv
brøyter seg veg i livet. Mannen aat det tjugande aarhundradet
er ikkje ein som alltid diltar etter andre, tenkjer det andre hev
tenkt fyre, snakkar etter det han hev høyrt andre hev sagt eller
det han hev lese i avisone; mannen aat det tjugande
aarhundradet er ein som tenkjer sjølv, brukar sine eigne augo, og gjer
seg upp si meining sjølv. Ein liten grand sjølvstendig
tankegang er mykje meir verd enn mange hestelass
med daude lærdomar.

Det er noko med det ynkelegaste ein kann sjaa: at folk
gjeng gaasegang, i hundradvis, i tusenvis, i titusenvis, — diltar
tankelaust etter kvarandre, og hyler med der andre hyler fyre.
„Naar den eine gjerer rop, so ropar sidan den heile hop".
Anten det er hosianna, eller det er krossfest, — like tankelaust,
like karakterlaust.

Hev de lese i Apostelgjerningane (19de kap.) det er
fortalt um eit upplaup i Efesus: det var tvo tri sylvsmedar

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 13:21:58 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/krevavungd/0010.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free