- Project Runeberg -  Kva krev vaar tid av ungdomen? /
15

(1913) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 15 —

at over lidenskabens nød
maa kjærlighed faa seire;
ti saa hans løfte lød."

Kristi „løfte", Kristi tru, ljoset fraa paaskemorgonen som.
lyser utyver livet: det som er av Gud, det skal vinna, um
langfredagen vert aldri so lang; det som er reint, det som er
rett-ferdigt og sant og kjærlegt og godt, det er det sterkaste her i
livet; alt det andre er daudsens.

Det skulde daa ikkje vera so langt undan for kristne
men-neskje aa tenkja seg inn i: at Vaarherre vil ha mykje nytt fram
no for tidi. Det er ikkje alt nytt som er godt, det vere langt
fraa; me lyt prøva det, og vraka og velja. Men det kann daa
ikkje vera alt nytt sotn er gale heller; det er vel ikkje so
full-kome det gamle?

Eg kjenner ikkje noko meir radikalt ord i den vegen enn
det me les i bibelen: eg vil gjera alle ting nye. Det er
Jesus Kristus som segjer det. Og du og eg skal vera med
og skapa den nye jordi fram or den gamle. Større livsmaal
kann me ikkje ha, enn at me fær bruka dei seksti sytti aari me
skal liva her (eller kor mykje det vert) til aa vera med og skapa
den nye jordi fram or den gamle: inst innantil i viljelivet vaart
(der maa det begynda), i heimen vaar, i ungdomslivet vaart, i
heile samfundslivet. Skapa det nye Norig fram or det gamle.
For: me nordmenn vil no gjerne at Norig skal vera med paa
den nye jordi.

Segjer daa nokon med deg, som fleire hev sagt med meg:
du trur visst du kann faa syndi burt, du, — — svar ja, du
gut: Jesus Kristus er komen av di han vil faa syndi burt.

Vil ungdomsflokken her vera med i hans kraft aa faa syndi
burt her fraa bygdi, de skal sjaa det munar! faa den eine syndi
burt etter hi: drykken, usedskapen, girugskapen, vondskapen,
sladderen, snobbeskapen (som er avgudsdyrkjing) — ut or huset
med det! ut or bygdi!

Berre det: at hev du ikkje tru paa det nyttar noko, ja daa
tek du visst ikkje mange sparketaki. Men so spør eg: kva slags
tru er det som segjer: det er ingi raad med det vonde —?
E)et er ikkje kristentru det. Det er trui fraa svarte-katekisma;
der lyder trui slik: eg trur og i sanning finn: at alltid her i verdi
det vonde vinn. Men Jesu Kristi tru, det er denne: kvar plante,
som min far i himmelen ikkje hev planta, skal ryk-

kjast upp med rot..

* *

*

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 13:21:58 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/krevavungd/0017.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free