- Project Runeberg -  Kyrkohistorisk Årsskrift / Fyrtionde årgången, 1940 /
175

(1900)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Oluf Kolsrud, Blodbadet i Stockholm aar 1520

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Blodbadet i Stockholm aar 1520.

Av professor Oluf Kolsrud, Oslo.

Ei av dei mest umdebatterte hendingar i nordisk historie torde
vera blodbadet i Stockholm 8. november 1520. Dei ytre drag i
til-gangen er vel kjende. Kong Christiern II’s kamp for aa vinna tilbake
Sveriges rike, som i 1499 hadde hylla honom til tronfylgjar, men
som igjen hadde rive seg laus fraa den nordiske unionen alt i kong
Hans’s tid, 1503, hadde i 1520 enda med Christierns siger. Etter at
Stockholm den 7. september hadde opna sine portar for sigerherren,
lét han seg hylla til arvekonge den 1. november, og sundag den 4.
november sette erkebiskopen av Uppsala Gustav Trolle Sveriges
krona paa Christierns hovud i Storkyrkja i Stockholm. Sidan heldt
dei kroningsgilde paa Stockholms slott, tri heile dagar til ende.

Paa kroningsfesten fylgde uventa ein rettargang imot svenskar
som hadde spela ei framtredande rolla i kampen paa den övervunne
sida, — so mykje meir uventa som kongen den 8. september under
brev og segl hadde høgtidleg lova motstandarane aa lata falla ali
tiltale imot deim fyre baade andeleg og verdsleg rett.1 Paaropande
kong Christierns lovnad i kronings-eiden um aa hjelpa kyrkja til
hennar rett, reiste erkebiskop Gustav Trolle den 7. november fyre
kongen klaga over den daude riksfyrestandaren Sten Sture og hans
parti for openbert kjetteri, og krävde restitusjon av røva
kyrkje-gods, skadebøter, og fengsling og straff over personane.2 Næste dag,
den 8. november, avsa ein kyrkjeleg 14-manns-domstol under
fyre-sæte av biskop Jens Anderssøn Beldenak av Odense orskurd um,
at dei saka personane maatte »för oppenbare kätthere hollis och
kallis».3 Og utan vidare rettargang eller dom lét kongen, i fylgje si

1 Rif m-Krönikor, utg. af J. Hadorph, II, Stockholm 1676: Kongl.
För-lijkningar, Föreningar, Försäkringar etc., s. 444.—50. Jfr A. Huitfeld,
Danmarckis Rigis Krønicke, Kbh. 1652, II, s. 1150.

2 Gustav Trolles skriftlege klaga [av 7. november 1520], innteki i
kjettar-forklaringi av 8. november 1520, svensk Historisk Tidskrift 1918, s. 122—4.

3 Kjettarforklaringi prenta i svensk Historisk Tidskrift 1918, s. 122—4.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 14:11:28 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/kyrkohist/1940/0187.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free