- Project Runeberg -  Kyrkohistorisk Årsskrift / Fyrtionde årgången, 1940 /
178

(1900)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Oluf Kolsrud, Blodbadet i Stockholm aar 1520

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

i78

oluf kolsrud

av Corrigarius sjølv under eit tri maanaders upphald i Rom. og
fram-leides av andre etter hans avreisa, og at Christine for denne sak
skuld vendte sig skriftleg til fleire kardinalar, og Corrigiarius likeins
personleg baade til kardinalar og til påven sjølv; men trass i mykjen
umak var det ikkje mogeleg at finna meir enn desse fire
protokol-lasjonar, som vart meddelt Corrigiarius i autentisk utskrift av
sekre-tæren i kardinalkollegiet Mattheus Alasseus (sjaa s. 218—9). Fraa
Corrigiarii utrykte manuskript, som no er i Kjøpenhamn1, hev C. F.
Allen prenta desse fire protokollasjonar paa 1850- og 60-talet2, og
sidan er dei paa 1900-talet utgjevne etter vatikanske codices i
Diftlomatarium Norvegicum3 og i Acta Pontificum Danica4.

Men blandt Acta Miscellanea i konsistorialarkivet — som for
nokre aar sidan er blitt nyordna av den noverande prefekten for
Vatikanarkivet Monsignore Angelo Mercati —• finst der eit lite
hittil upaaakta band med utdrag or konsistorieprotokollar som hev
innehaide eit anna referat enn dei vanlege Acta Vicecancellarii.
Ogso denne serlege protokollasjonen synest aa ha ein viss offisiell
karakter; for aaret 1521 segjest utdragi vera henta dels »ex libro
Collegij Reuerendissimorum Cardinalium», dels »ex Registris Leonis
pape Xmi»; for 1522—23 hev dei derimot berre overskrifti »sub
Hadriano vj». I regelen gjeld protokollasjonane viktigare saker og
hev ikkje den kortfatta og registrerande form som i dei andre
kon-sistorialakter, men attergjev noko fyllugare innhaldet av
underretningar og dryftingar, ogso fraa løyndemøte (consistoria secreta),
som ikke er referert elles. Codex, som ogso inneheld månge andre
blanda historiske uppteikningar fraa det Vatikanske arkiv og
bibliotek, er samla av den namngjetne italienske kyrkjehistorikaren
Onuphrius Panvinius, bibliotekar ved Vatikanbiblioteket. Utdragi
or konsistoriebøkene er ikkje skrivne av Panvinius sjølv, men av
ein annan. — I ei onnor bok hev Panvinius ført i hop utdrag or
konsistorialakter som enno for største delen eksisterar. — Ved
hans død i 1569 overleverte den pavelege sacrista Jacopus Pam-

1 Defensionum Christierni secundi Danice etc. Regis, auctore Marco Uberto
Corrigiario. Kjøpenhamn, det Kongelige Bibliotek, Ny kgl. Saml. 602 b fol.

2 Breve og Aktstykker til Oplysning af Christiern den Andens og Frederik
den Ferstes Historie, udg. af C. F. Allen, I, Kbh. 1854, s. 80, n. 1. C. F. Allen,
De tre nordiske Rigers Historie 1497—1536, III. 2, Kbh. 1867, s. 455.

3 Diplomatarium Norvegicum, XVII, h. 3, 1907, nr. 1191. 1192. 1195. 1196.

4 Acta Pontificum Danica, VI, 1915, nr. 4859. 4871. 4923. 4927.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 14:11:28 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/kyrkohist/1940/0190.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free