- Project Runeberg -  Kyrkohistorisk Årsskrift / Fyrtionde årgången, 1940 /
179

(1900)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Oluf Kolsrud, Blodbadet i Stockholm aar 1520

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

blodbadet i stockholm aar i52o

i77

philus baae bøker til klerken ved kardinalkollegiet Silvius
Antoni-anus (seinare kardinal) til aa gøyma i konsistorialarkivet.

I.

Dei tvo protokollasjonane i Visekanslaraktene 1521 vedrørande
blodbadet i Stockholm lyder so i umsetjing:

»I Rom fredag 14. juni 1521 var det konsistorium, og etterskrivne
vart ekspedert:1

Hans Heilagleik framførde, at kongen av Danmark — som det
gjekk det rykte um, at han hadde låte halshogga tvo biskopar i
Sveriges rike — hadde skrive til den same Hans Heilagleik, um aa
utnemna biskopar til tvo kyrkjor2 som var ledige ved dei tvo drepne
biskopars død, og til ei onnor kyrkja3 som den noverande biskopen4
tenkjer aa leggja ned i Hans Heilagleiks hender5, og det vart lese
brev fraa den same kongen, og ei underretning, som av honom var
gjevi til den sendemann som han gjorde i veg til Hans Heilagleik,
og som inneheld orsaking fraa kongen sjølv, at han ikkje var i minste
skuld for det, at dei nemnde erkebiskopane [d. v. s. biskopane] vart
halshogne.»

»I Rom maandag 1. juli 1521 var det konsistorium, og etterskrivne
vart ekspedert:6

Vaar Heilagaste Herre framførde, at han hadde tenkt aa senda
broder Franciscus de Potentia av Minorit-ordenen av regulær
ob-servans til kongen av Danmark for aa uppmana han til aa reinsa
seg fraa det vanrykte som han var i, at tvo biskopar i Sveriges rike
segjest vera drepne etter Hans Majestets paalegg, og, um det skulde
vera sant, aa uppmana den same kongen, at han for si og den Heilage
Stolens ære skuld vil senda sine talsmenn for aa søkja med ali
aud-mykt tilgjeving og for aa gjera bot som høver for so stor ein konge
for slik ei illgjerning, for at han ikkje i desperasjon skal falla ifraa

1 Acta Vicecancellarii 2, f. 189 (169) r. Latinsk tekst Tillegg 1 A, infra p. 221.

2 [Skara og Strängnäs.] 3 [Oslo.] 4 [Anders Mus.]

5 [Påven godkjende ikkje Anders Mus’s resignasjon 1521 (APD 4821),

og Anders Mus kalla sin resignasjon tilbake 11. august 1523 (Dipl. Norv. III,
nr. 1092) og vart innsett paa nytt av påven 22. januar 1524 (Dipl. Norv. XVII,
nr. 845). Anders Mus resignerte paa nytt, 1524, utan pavelegt samtykke.]

5 Acta Vicecancellarii 2, f. 191 (171) r. Latinsk tekst Tillegg 3 A, infra

p. 223—4.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 14:11:28 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/kyrkohist/1940/0191.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free