- Project Runeberg -  Kyrkohistorisk Årsskrift / Fyrtionde årgången, 1940 /
182

(1900)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Oluf Kolsrud, Blodbadet i Stockholm aar 1520

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

i78

oluf kolsrud

Sten, klaga over denne villskapen, men kongen baud at ho skulde
bindast i ein sekk og umkomast i elvi.

Eg høyrde og, at kongen, etter aa ha avlagt eid paa eucharistia
og derefter teke sakramentet, sjølv lova deim aa vera trygge.

Nokre av dei høgærverdige herrane sa at det bürde sendast
le-gati de latere etter fyredøme av pave Alexander III som sendte
legatar til England med tilføre av dråpet paa den salige Thomas
erkebiskop av Canterbury. Andre: nuntier til grannelandi for aa
granska etter sanningi um det som var hendt. Dei fleste: at saki
bürde tenkjast vel over, for at ikkje kongen skulde verta vreid,
um alt det, han søkte um, vart nekta honom, og han skulde falla
ifraa lydnaden imot det apostoliske sæte til dei tilgrensande
rus-sarane.»

I denne protokollasjonen maa fyrst og fremst referatet av
raad-slagningane millom kardinalane godtakast som fullt paalitelegt.
Otten for kong Christierns fraafall viste seg aa ha overtaket, og det
synest som at majoriteten meinte, at ein inntil vidare ikkje bürde
gripa inn. I konsistoriet i. juli vart det valt ein millomveg, — ikkje
senda legat til kongen, ikkje nuntius til eit granneland, —• den eine
maaten gjorde saki for stor, den andre kunde tydast som undfallande
varsemd. Men endelykti vart den, at ein nuntius skulde sendast og
det direkte til kongen.

Men relasjonen um blodbadet i Stockholm, kva kjeldeverde kann
det tilleggjast den? Saki vart maalbori av kardinalen Laurentius
Campegius, tit. S. Anastasiæ, — ein mann som ikkje tidlegare paa
nokon maate hadde havt med nordiske ærend aa gjera. Men
Campegius var aalvorleg overtydd um, at inngripande reformer var
turvande i kyrkja, og det paa strengt kyrkjeleg grunn. Sin
reform-interesse gav han sidan programmatisk uttrykk under Hadrianus
VI, og i dei kritiske aar under Clemens VII var han tvo gonger legat
til Tyskland og grannelandi.1

Sine upplysningar um hendingane i Stockholm segjer
Campegius seg aa hava fraa »ein truverdig person». Ein kjem uvilkaarleg
til aa tenkja paa Sten Stures fyrre utsending ved kuria Johannes
Magnus Gothus, som framleides uppheldt seg i Rom. Johannes

1 L. Pastor, Geschichte der Päpste, IV. x, s. 140; IV. 2, s. 62—4. 396—402.
406—12.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 14:11:28 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/kyrkohist/1940/0194.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free