- Project Runeberg -  Kyrkohistorisk Årsskrift / Fyrtionde årgången, 1940 /
195

(1900)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Oluf Kolsrud, Blodbadet i Stockholm aar 1520

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

blodbadet i stockholm aar i52o

I77

Daa melding um, at Luther var teken til fange paa heimvegen
(4. mai, og førd til ein løynd stad [Wartburg]), naadde til Worms
otte dagar seinare, gav det upphäv til ymse motstridande gissingar.
Den venetianske sendemannen Gasparo Contarini visste 12. mai aa
fortelja, at månge trudde fengslingi berre var uppdikta av Luther
sjølv, for at han so mykje friare kunde fara til Danmark eller kvar
helst han vilde.1 Luthers tilhengjarar mistenkte katolikane, og serleg
dei pavelege sendemenn, for aa staa bak fengslingi, ja det ryktet vart
utspreidt, at Luther var myrda.2

I alle fall fekk Christiern II ikkje sitt ynskje um aa knyta Luther
til seg uppfyllt, og Aleander visste ogso aa melda, 5. mai, at heller
ikkje Melanchthon kom til aa fara til Danmark, for di kurfyrsten av
Sachsen heldt han tilbake og auka hans løn.3

I staden lukkast det Christiern II gjenom Reinhart aa vinna ein
tridje av dei framskotne teologane i Wittenberg, dr. Andreas
Boden-stein von Karlstadt, som var tiltenkt ei viktig stilling i Danmark
som universitetslærar, raadgjevar og predikant hos kongen, og
domar.4 Paa den tid, daa Karlstadt kom til Kjøpenhamn (i slutten
av mai 1521), var Christiern II i full ferd med aa fyrebu sine store
log-reformer, som m. a. galdt den kyrkjelege jurisdiksjonen. Det
var hans plan aa skipa ein innanlandsk appellasjonsdomstol for
andelege rettssaker, — og i den var utan tvil dr. Karlstadt tiltenkt
sæte. Formaalet med skipingi av denne kongelege »Kammerrett» i
Roskilde5 var uttrykkeleg aa frigjera landskyrkja fraa den rettslege
underordning under den romerske kuria. Men utan tvil hev ogso
den tanke fyresvive Christiern, at han derigjenom kunde vinna
fyre-muner for seg sjølv, ikkje berre at han gjenom den nye domstolen

under feiles datering »Juli—Aug. 1521» som ein depesje fraa den unemnde
»pavelige Nuntius i Flandern». Av APD nr. 4884 høyrer 1) s. 366 lin. 21—•
s. 367 lin. 5 til Aleanders depesje fra Antwerpen 27. 28. juli 1521 (eitert her
s. 197, n. 1), 2) s. 367 lin. 6—17 til Aleanders depesje fraa Brüssel 6. juli 1521
(eitert her s. 196, n. 5), og 3) s. 367 lin. 18—31 til Aleanders ovanciterte
depesje fraa Worms 5. mai 1521. — J. Oskar Andersen, Överfor Kirkebruddet,
s. 104—5, er villeidt av avtrykket i APD.

1 Deutsche Reichstagsakten, Jüngere Reihe, II, Gotha 1896, s. 906, nr. 221.

2 Sjaa Aleanders depesje 15. mai 1521, Brieger nr. 31, Kalkoff nr. 25 b.

3 S. 194, n. 3. 4 Andersen, s. 109—28.

5 Byretten kap. 77—81, Landretten kap. 44. Kolderup-Rosenvinge, IV,

s. 113—4. 23—4.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 14:11:28 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/kyrkohist/1940/0207.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free