- Project Runeberg -  Kyrkohistorisk Årsskrift / Fyrtionde årgången, 1940 /
199

(1900)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Oluf Kolsrud, Blodbadet i Stockholm aar 1520

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

blodbadet i stockholm aar i52o

i77

Magnus Gothus, korleis Johannes, upprørd over Christierns uverdige
framferd, vendte seg til påven og kardinalkollegiet, skildra dei drepne
biskopane, som etter Christierns framstelling hadde förtent dauden
med rette, tvert imot som uskuldige, fromme, fedrelandskjære menn,
faste i trui til Gud og det apostoliske sæte, og raadde difor kraftig
til, at kongen bürde underkasta seg kanonisk pønitens og heller taka
den angrande kong David til fyrebilæte enn Saul, som flekka seg
med blodet av prestane og sidan miste baade liv og rike.1

I konsistoriet 19. juni 1521 hev den strengare fraksjon
represen-tert eit ståndpunkt som tvillaust hev tilfredsstelt Johannes Magnus
Gothus. Vedtaket i konsistoriet 1. juli um aa senda ein nuntius som
kommissær for aa granska saki, var eit kompromis millom den strenge
og den varsame gruppen i kardinalkollegiet.

Men tvo-tri vikor etter syntest situasjonen aa föran dra seg ved
dei tidender, som spreiddest i Rom um Christierns ferd til keisaren
i Flandern, og som imponerte alle ved det sterkt overdrivne rykte
um hans store makt. »Hver månd — skriv Claus Pederssøn til kongen
fraa Rom 20. juli — forundrer seg, at eders naade er kommen did
med so møgit folk; det sies, at eders naade haver mer enn 16000, ok
de der aldrig visste tilforen at sie af eders naade, de have nu alle
deris munde full af eders naades mektighed, ok uden tvivel det skal
røktes heden udi Turkien inden faa dage.»2 Og til Sigbrit Willums
meldte Johannes Slagheck 19. juli, korleis »sanne tidender» sa at
kongen var kornen til keisaren med store skip og slik makt, at det
sette heile Rom i undring, og dei heldt kongen av Danmark for aa
vera den største fyrsten i kristendomen næst keisaren.3 Ryktet sakna
ikkje eit visst grunnlag. Vel var det falskt, at Christiern var
ko-men til Nederland med ein stor her eller med skip; han kom
lande-vegen med nokre faa mann i fylgje, det vart sagt seks, fem, fire, eller
tvo.4 Men han lova keisaren stor krigshjelp imot kongen av
Frankrike, éin nemner 3000 hestar og 5000 fotfolk, ein annan 50000 fot-

nostro papa Alexandra et ejus catholicis successoribus non recedet, quamdiu
eum sicut catholicum regem et Christianum habuerint, et hoo ipsum fecit
ju-rare filium suum majorem in Charta absolutionis pro morte beati Thomæ . . .»

Dei fire vilkaar: Materials, VII, s. 515. 517—8. 519. 521—2.

1 Si?S III. 2, s. 74. 2 APD 4881. 3 APD 4480.

4 Calendar of State Papers and Manuscripts relating to English Affairs,
existing in the Arehives and Colleetions of Venice, ed. by Rawdon Brown, III,
London 1869, s. 140 (jfr s. 138). — Ibid. III, s. 142. — Letters and Papers,

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 14:11:28 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/kyrkohist/1940/0211.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free