- Project Runeberg -  Læsebok for folkeskolen / Del 4. Byutgave /
98

(1909-1912) Author: Nordahl Rolfsen
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

dei ein arm i fjøra eller eit bein eller hovud. Seint paa
kvelden kom dei att; dei prøvde stubbarne, um dei kunde
setjast ihop. «No i skogen med deim! der skal ikkje futen
faa tak i deim, eller i Trollkyrkja, eller paa Sygrtefjellet.»
Dei gøymde leivingarne varleg.

Men den kvelden sat mang ein huslyd kring den særde
broren eller faren og ynskte ilt yver futen.

Millom deim som sat og syrgde, var ogso Arne Sulheim.
Han venta son sin heim fraa nedre bygdi, dit var han
gjengen med mor si. Daa høyrer han ei kjerra ramla
utanfyre; der stend kona hans og bind upp taum arne paa
hesten, og paa kjerra ligg, under eit aaklæde, sonen daud-
bleik, med ihoplatne augo og stynjande. Det var som det
svortna foi Arne; han hadde berre denne eine sonen. Han
bar han inn og fekk han lagd i seng.

Kona fortalde i stutte ord korleis alt var til gjenge.
«Han var den fyrste som sprang fram og slo *lil futen,»
sa ho. Arne svara inkje, han vende seg burt eit bil. So
sa han: «Du lyt gaa stad og finna fjellgras endaa i kveld.»
Arne var saar-kunnig. Han fekk kokt ein graut av
hukjande urter og la paa saa,ret. No sat han bøygd att-
med sengi og stirde inn i peis-varmen. Stundom la han
henderne ihop og Idemde deim saman; daa kom ei taara
rennande og draup ned paa peishella. Paa veggen hekk ei
sundhakka brynja og det gamle sverdet med det slitne
skinnhandtaket, som hadde gjenge i arv i ætti. Det saag
ned paa gamlen, som sat her med sund-rivne voner. Arne
lu. d ie drøymt stort, han skulde vekkja upp-att det gamle
sterke liv i bygdi. Sjølv hadde han ikkje rokke langt; 110
skulde sonen halda fram der han slapp. Men det saag
ikkje ut til liv med Haavard. Han laag i sengi og slo
ikring seg og tala vilt: «Fram, fram! slaa til han! Ned
med danskarne! ned med futen!» Arne var ikkje god til
aa sjaa burt paa han; han hadde gjort det som kunde
gjerast. I tri dagar og tri næter sat Arne soleis, han vilde
ikkje taka mat og svevn. Han var ender og gong burte

Sygnefjellet: fjeltlet mellem Sogn og Gudbrandsduleu. — Hus-
lyd: liusfolk, familie. — Svortua: morkne. — Kun n ig: kjendt. kyndig.

— Euder og gong: av og til.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 15:13:21 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/lffrolfsen/4/0098.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free