- Project Runeberg -  Læsebok for folkeskolen / Del 4. Byutgave /
152

(1909-1912) Author: Nordahl Rolfsen
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

telja godt for han hjaa Salve. Det torde henda han var
fornøgd naar han hadde fenge røynt seg ein tur, og ein
maatte kje alltid ottast det verste . .

— Den vintren arbeidde Ola so baa.de faren og mori
laut undrast kvar han tok krefterne ifraa.

Han vart burte paa tridje aaret, og mang ei tung stund
hadde mori i deim. Helst dei stygge haustkveldarne, naar
stormarne ylte ntanfor og tok tak i huset so det riste. Daa
bad ho mange rædde boner for hjartebarnet sitt. Sjolve
Fadervaaret vart ei bon for han. «Skje din vilje,> bad
ho, «men ver alltid god med han!» la ho til i tankarne.
Det var honom som Gud ikkje maatte leida i freisting; det
var Ola som lian i Jesu namn laut fri ifraa det vonde.

Stundom kunde ho kjenna som ein agg av di ho
gloymde dei andre borni, og so bad ho for deim etterpaa.
Me gjeng i faare kvar me gjeng, og ulukka kann likso
gjerne vera ute paa landjordi som paa havet .... men ein
visste daa liksom betre kvar ein hadde dei naar dei var
paa landet!

— Det lyddest berre vel ifraa Amerika. Knut hadde
arbeid og tente store pengar, etter som han skreiv, — han
sende mest aldri noko heim, — og Jens hadde tenest hjaa
ein norsk prest som las med han; han tenkte seg nok til
aa verta prest sjolv, var det likt til. Dersom han hadde
no hovud til det. — Ingen skreiv um aa koma heim att.
Det fyrste Knut var der, daa lét det alltid at han vilde
berre vera der nokre aar; men no høyrde du aldri anna enn
at han livde vel, og so burtetter — at det var kaldt, eller
at det var varmt — — mest ingenting anna stod det i
brevi hans.

Men naar dei maatte ba helsa, so var det synd aa
klaga . . .

Nei Ola han skreiv: laust og fast og kva som kom fyre
han. Han hadde tankar for deim heime. Var det noko
dei trengde, so maatte dei berre taka av hans pengar soin
det hadde vore deira eigne. Han far skulde spara seg og
iivkje slita so mykje med tung arbeid. I vaarvinna maatte

Kovna: prøve, friste.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 15:13:21 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/lffrolfsen/4/0152.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free