- Project Runeberg -  Læsebok for folkeskolen / Del 4. Byutgave /
153

(1909-1912) Author: Nordahl Rolfsen
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

dei leiga. — So fortalde han um nokre gode filtsko han
hadde i kista si, og som mor skulde faa. Dei skulde bli
gode og varme aa ha paa foterne, maatte ho tru, skreiv
han. Men far skulde faa ei skinnhuva. Og so vilde han
kjopa ein voggestol aat deim naar han kom heim . . .

«Det er nok likt til at me skal sitja paa stas eg og
du, mor, naar me vert gamle!» log Salve daa Signe las
det. «Ja det skal du berre sjaa!» meinte Tora. «Korleis
meiner du det vert aa sitja paa stas?» gantast ban og
kleip henne i kinni.

Ho slo smilande etter handi hans og stirde inn i
lukkelege tankar.

— So stod Ola i dori ein haustdag, stor og brun og
velklædd og vakker, med dei same straalande augo som
fyrr. Han log godt til faren og til mori daa han saag
kor fjetra og underlege dei stod. «Well, det er Ola! No
er eg heime att!» — «Og Gud skje lov for det!» sa faren
og gav han handi, med taarorne sprang.

«Velkomen!» kviskra mori; vaate augo hadde ho og;
ho var bljug og byrg samstundes.

Ola helsa paa Anna, som var næst etter Signe. Steinar,
den næstminste, hadde tøygt seg svært i desse aari, men
vesle Tora stod berre og kopte. So spurde han etter
Signe.

Ho var lijaa faster og hjelpte henne med aa vaska
klæde, fortalde mori. »Men eg tenkjer ho skal verta
yvergjevi naar ho fær sjaa att deg!» — «Men kom ikkje
du framum der?» spurde ho straks etter. «Nei,» log Ola.
«Kva veg kom du daa?» For ho visste det hadde kje
vore praam i Vassenden. «Eg gjekk paa austsida,» sa han.
«Inn urdi, og so klauv eg upp i Litle-to. — Og so visste
eg eg kom fram. Eg hadde klive der ein gong fyrr!»

Dei riste paa hovudet, baade mori og faren. «Ris var
du verd! — Ei dugeleg dengsla!» Men dei laut smila like-
vel, so gale det var. Og so sansa mori paa at han visst
var baade svolten og tyrst.

— Ho kjende seg halvt som ho skjemdest, daa ho

Gantnst: fjase, erte, skjemte. — Well (engelsk): vel, godt. —
Samstundes: jma samme lid. — Kope: stirre.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 15:13:21 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/lffrolfsen/4/0153.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free