- Project Runeberg -  Læsebok for folkeskolen / Del 4. Byutgave /
155

(1909-1912) Author: Nordahl Rolfsen
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— Vatlands-kona er uppe og lydest um Tora dagen
etter Tora ligg tagall, med turre augo, og ser tungsamlég
fram for seg. Salve og sume av borni sit inne.

Stillferdeleg gjekk grannekona burtaat:

«Koss er det med deg, syste?» — «Det er so vondt
som det kann bli!» — «Hev du fenge sova?» — «Eg veit
ikkje um eg dorma i-stad.» — «Fær du graata?» — «Daa
var det inkje fyre. Her sit graaten just som ein knut.*
Ho synte med handi. «Eg fekk so vondt sjølv daa eg
høyrde det, eg tykte eg kunde gjeve til kva det var, eg
ikkje badde fenge spurt dette.» — «Eg hev kjent det heile
tidi; eg var so rædd daa hau var heime og, at han skulde
finna paa og vilja ut att; men eg tenkte: det er so tidt ein
støkkjer seg sjølv; so vilde eg ikkje tru det.» — «Men
eg bad han vera heime!» sa Salve. «Er det kje nett
som det var tillaga?» spurde Vatlands-kona. «Men eg
tykkjer det var endaa vel lian døydde paa land — og
ikkje for paa sjøen — so kunde han daa faa tankar fyre
seg.» — «Det hev eg sagt,» sa Salve. «Men kvi for
maatte han ikkje liva, han bo vel som andre?»
kom det utolugt. «Me maa kje spyrja soleis,» sa granne-
kona. «Me hev ikkje lov til det. Yaarherre vil raada for
sin time sjølv.

Tora tagde. Laag berre og saag stivt framfor seg.

«Du maa kje gje deg yver, Tora! No skal du tenkja
at han hev fenge det godt, og at Gud fader hev gøymt
han i fanget sitt. No vil ikkje Ola byta med nokon av
oss for aldri det. Eg er viss paa han tykkjer ikke nokon
ting er leidt 110, anna det at de syrgjer so paa han. For
me maa tru at Yaarherre skynar paa deim som er gode
mot foreldri sine!» — «Han visste aldri det beste han vilde
gjera oss,» sa Tora; augneloki hogde. «Eg skal aldri
gloyma ein gong lian og Martin vaar hadde vore i byen!
Det vart noko seint fyrr dei kom til oss; regnde gjorde
det, og myrkt var det, som sagt, — eg vilde plent han
skulde gje seg til hjaa oss um natti. Men ikkje um dei

Ly dast u m : se til, besøke. — Tagall: tans. — Koss: hvor-
ledes. — Inkje fyre: ingen sak. — Støkkja: skræmme. — So-
voren: slik. — Tagde, av tegj». — Martin, sonnen paa Vatland.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 15:13:21 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/lffrolfsen/4/0155.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free