- Project Runeberg -  Læsebok for folkeskolen / Del 4. Byutgave /
160

(1909-1912) Author: Nordahl Rolfsen
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

noko lenger. Treet var no midt ’ned-i dei verste straum-
broti og nærma seg fossen; det tumla ikring som eit lauv-
blad, og vatnet skylde over det gong paa gong. Guten
liekk fast endaa, so rart det var; men dei kunde kje sjaa
han røra seg 110; han laag aa gruve ned millom greinerne.
Det var ei fæl stund. Faren sprang ned-etter langs elvi og
ropte vonlaus paa sonen sin; kvendi gret og bad att; —
mori sjølv hadde ikkje orka aa fylgja ned-yver, so ho slap
aa sjaa det. Og so siglde treet fram-yver paa stupet.

Faren hadde stansa frampaa ein bergknaus, eit stvkke
nede, og snudde seg burt; han kunde kje sjaa paa det. Han
hadde store sveitedropar paa skallen. «Er han burte?»
spurde han med broste inaal, daa nokre av mannfolki
ein augnegrand etter kom ned til lian. Dei svara med
undrunde ut-rop. Endaa var han ikkje burte! Midt i elvi
tett fram paa fossen hadde drivtreet med eitt stansa, og tok
til aa gaa i ring. Det saag ut som eit reint under og
syn-kverving; men daa dei fekk tenkja seg betre um, var
det kje so underlegt likevel. Der var eit par store berg-
knausar midt i elvi, som kloyvde fossen i tvo. Dei stod til
vanlege tider høgt yver vatnet, og det meste av elvi rann
ned paa denne sida av deim; men no, daa ho var so stor,
rann det mest like 1 ny kje paa kvaar sida, og vatnet skylde
heilt yver deim. Dei stakk likevel so langt upp-i at det
vart ei evja bak-um deim, og det var inn i den treet no
var kome. Der var greiner og rek-ved fyrr og, som heldt
paa aa gaa i ring. Og hefte det der eit bil, so kunde det
kanskje endaa vera von!

Faren fekk svint all sin umtankc att. Ilan sende folk
upp-yver etter praam og tog og andre hjelpegreidor, og
sprang med resten ned paa bergliamaren midt for fossen.
Men daa dei stod der, var det straks altfor berrsynt at
voni var kje stort betre enn inkje no heller. Aa koma
ut- til guten med baat var det kje tanke um, og um dei
fekk tog ut til han — fossen var ikkje breidare enn at
det lét seg nok gjera —■ so kunde lian ikkje knyta det fast
i treet eller festa det um seg sjolv. Han laag endaa som

A si gruve: næscgrus. — Synkverving: blendverk. — Evja:
bakevje, ringstrom. — Rek-ved: driv-ved

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 15:13:21 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/lffrolfsen/4/0160.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free