- Project Runeberg -  Læsebok for folkeskolen / Del 4. Byutgave /
162

(1909-1912) Author: Nordahl Rolfsen
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

huset til. Han hadde alltid liavt det godt hjaa deim, og
saag upp til deim som tii folk av eit høgare slag. Han
tykte daa at det ikkje var ineir enn skyldnaden hans aa
vaaga livet for einaste sonen deira, Og var det raad at
nokon kunde klara det vaage stykket, so maatte det vera
han. Han var ein stor og sterk kar, og den beste symjar
paa langan leid. Han hadde ofte sumt yver elvi uppined
Fagerheim, ura stryken var noko sterk.

Det galdt daa berre ura aa vera snare. Dei hadde
fenge tak i ein praam til uppined elvi, og Tom fek nokre
av folki til aa ro seg utpaa. «Tora . . . Gud lone deg, det
skal ikkje verta deg gloymt; men ver 110 varsam!» ropte
husbonden med skjælvande maal etter honom. «Eg skal
gjera det eg kann,» sa Tom, han hivde av seg yverklædi
og sprang i vatnet, med eit symjebelte og tog um livet.

Evja der nede fekk endaa yvertaket kvar gong fossen
hadde tak i treet; elvi heldt paa aa laagna sterkt, so det
var mest likt til at fossen fekk mindre tak for kvar gong,
Gud skje lov. Alt stod daa um han her uppe, og paa
nytt lag anda dei snaudt soin saag paa. Han var snart
ned-i fyrste brotet, der praamen ikkje klara seg lenger. Det
gjekk ined stygg fart; han gjekk nokre gonger under, men
skaut snart upp att. Folki paa land fylgde etter ned langs
elvi med toget; dei skulde hjelpa han i land dersom
sidestryk bar av med han. Men det turvdest ingi hjelp.
Hau heldt seg traust i stryken midt i elvi, der treet hadde
gjenge, og var snart ned-i næste brotet.

Der vart det verre. Han var nokre gonger so lenge
under, at kvendi skreik og trudde det var ute med han.
Men endaa skaut han upp att soin ein fisk kvar gong —
endaa heldt han leidi — endaa klara han seg fraa brot til
brot; hadde nokon stridt det han vann nokon gong, so var
det Tom no. Og daa han siste gongen gjekk under, skaut
ban upp att midt inn-i evja.

Høge glede-rop helsa han fraa land; han fekk snart
tak i treet og kom seg uppaa det. No saag dei guten røyva
paa seg att og retta lienderne sine mot bergingsmannen sin!

Laagna: bli lavere, synke. — Staa um: staa paa, bero paa. —
li t>y v a sig: rorc sig.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 15:13:21 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/lffrolfsen/4/0162.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free