- Project Runeberg -  Ljos og varme i Kristendomen /
9

(1913) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

- 9 —

ikkje so mykje til. Berre det var hjartelag attum,
— aa kor del kunde letta for deim.

Eller tenk paa deim som gjeng med vondt
sam-vit og klakar til inni seg, beiske i hugen, leide aa
ha med aa gjera kannhenda. Aa dei er so
ulukke-lege. Um du møtte slik ein med litt solvarme.
Det hev hendt. Det hev hendt at jamvel smaaborn
hev vore Vaarherres englar til aa tina upp for slik
ein gamall syndar. Det skal ikkje so mykje til.

Jau so mykje skal til: vil du og eg vera
sol-straalar, daa lyt me leva i soli: me hev so visst
ingi sol-kjelda inni oss sjølve. Me maa tru paa
ljoset, so me kann verta born av ljosel. Me maa
la Jesu kjærleik faa lysa inn til oss, og gløda oss
all igjenom, gløda igjenom tankane vaare, gløda
igjenom syni vaar, so me kjem til aa sjaa paa livet
og sjaa paa menneskji med Jesu ljose, varme,
kjær-lege auga.

Eg las i eit dansk indremissjonsblad; ein dansk
indremissjonær skreiv der. Han hadde vore i teatret
kvelden fyre og set ..Vildanden" av Henrik Ibsen.
So skreiv han: eg sat tenkte med meg sjølv: aa um
ein kjærleg indremissjonær hadde korne inn i den
ulukkelege heimen som der var framsynt, og hadde
fenge lyst upp for dei stakarane der. Daa kann
de tru eil av storbladi i Kjøpenhavn tok paa aa
spotta: ein indremissjonær! skulde han lysa upp i
ein heim som sjølvaste Ibsen hadde skildra!!

Aa jau, den ringaste kristen kann ha meir solljos
og meir solvarme enn den største diktaren og den
lærdaste professoren. Du tarv ikkje orsaka deg at du
hev liten kunnskap og smaa gaavor. Lev du dit liv
kvar dag i Vaarherres naade. Gjer bruk av barne-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 15:44:42 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ljosogvarm/0011.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free