- Project Runeberg -  Ljos og varme i Kristendomen /
13

(1913) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 13 —

Men — segjer du — det er i grunnen eit rart
spursmaal, dette um det kostar noko aa vera ein
kristen. Kostar det noko vera barn av far? Det
er daa naade, naade utan ende! alt er til gjevendes,
uforskyldt, forutan pengar og utan betaling—!

Ja du veit me kann ikkje kjøpa barneretten
hjaa Gud for nokon pris. „Um nokon vilde gjeva
alt han eig for kjærleiken, han vilde vera berre til
laatt og løgje." Det er ein heiden tanke, laga etter
inanna-mynstret hjaa gudane paa jordi, at ein kann
vinna Guds naade ved offer eller gaavor. Det er
kristendomens uvisnelige æra at han hev gjort
ende paa alle ytre offer, anten det er dyre-offer,
eller penge-offer, eller sjølvpinslor, eller kva det er
folk hev funne paa til aa narra Gud med. Gud i
himmelen let seg ikkje nøgja ined noko av det
slaget. Det er deg sjølv han vil eiga, heile din
vilje, alt ditt liv, fraa ungdom og til alder graa.

Men det er dette som kostar.

Eg veit ein brudgom som fekk mange gilde
sylvsaker i brudlaups-gaavor. ..Ja men eg er ikkje
før til aa eiga so mykje," sa han. Ein kunde
tenkja honom før til aa eiga det han fekk til
gjevendes. Men det laag ein djup tanke i det. Han
skyna del laut høva i hop alt i eit hus; og han
var ikkje før til aa halda heimen sin i den stil.

Det er nettupp saki. Barneretten som du og
lekk i daapen, med full syndsforlating for heile livet,
med barnefreden og barnegleda, og barnestyrken
til aa gjera fars arbeid, — det er naade, berre
naade, nv naade for kvar dag. Men alt i Guds hus
maa ogsaa høva i hop. Barnel maa lyda far. Vil
ikkje barnet lyda far, so kann ikkje barnet vera
heime. Det kostar vera kongs-barn. Eit kongs-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 15:44:42 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ljosogvarm/0015.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free