- Project Runeberg -  Ljos og varme i Kristendomen /
23

(1913) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Jesus ser upp: i dag vil eg stana i ditt lius.
Sak-kæus hoppar ned, spring fyre, er so glad han veit
ikkje kor han skal snu seg.

Røvaren paa krossen — midt i verste pina Jesus
leid — kjem ordet fullt av gleda: i dag skal du
vera med meg i paradis.

Dei fekk røvna det alle som fylgde
frelsar-røysti, alle som stræva og hadde det tungt: hjaa
Jesus lekk dei kvild.

Alle segjer me som ei strilekona, ein gong eg
rødde med henne og nemnde Jesusnamnet. Det
straala yver andlitet hennar. ..Ja det er gleda i det
namnet," sa ho.

Det er gleda alt liv lever av. Like fraa
blomen som gleder seg i solskinet, til Gud sjølv
soin gleder seg naar ein svndar kjem heimatt.

Gleda, gleda — det er meir enn maten. Det
er sjølve livet. Det er livslufti for alt liv.

Eit gledelaust liv — det er dauden,
svartedauden, som legg alt audt ikring seg. Eit
gledelaust liv — det er verre enn dauden. Det er
hel-vite. Hev de lagt merke til i Dante’s helvite:
millom dei usæle er ein heil flokk som inkje anna
gale hev gjort enn dei hev levt eit heilt liv paa
jordi utan aa gleda seg. Dei uglade sellane, som
alltid er misnøgde, aldri lyfter hjarta i takk til
Gud, — dei her eit helvite med seg i hugen sin.

Eg fæler for me er lite skikka til aa gleda oss,
mange no for tidi.

Ein ting er dette, at ..synd og sorg er
systkin-ord. fylgjast jamnan her paa jord ". Vondskap, og
girugskap, og ureinskap, og fusk — kor det kann
tvna gleda i livet. Aa kor det veikjer og svid!

Endaa verre er tvilen, som kverkar livsmodet

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 15:44:42 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ljosogvarm/0025.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free