- Project Runeberg -  Ljos og varme i Kristendomen /
30

(1913) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

- 30 —

Mange, mange av deim som brann for
fedra-land og framgang — fekk ein vond tanke, som
hev fvlgt deim til denne dag: kristendomen er ein
tiende av alt framsteg.

..Gjev keisaren det som høyrer keisaren til."
Kristus sender oss ut i samfundslivet, ut i politiken.
Alle hev me røysterett, det vil segja: rett til aa vera
med og byggja fedralandet. Der skal me Iena Gud.
Kvar etter sitt samvit.

Kvar etter sitt skyn. Kristus vil læra oss
v;/r</-nad for annanmanns meiningar. Han vilde læra
oss: ikkje leita upp laake grunnar for ein manns
politiske standpunkt, men tenkja vel og tala vel og
taka alt i beste meining.

Aa um Jesu Kristi aand kunde faa meir magt
i norsk politik.

I alt arbeid for Kristus og for fedralandet er det
fyrst og fremst ein ting um aa gjera: karakteren.
Det stend ikkje noko i teksti um det. Men det
lyser fram av Jesu heile aatferd. Naar han peikar
for oss, peikar han alltid inn i djupet av
manna-hjarta: lat ikkje dei mange tingi stela hjartefreden
fraa deg. Kva munar det alt, dersom du tek skade
paa sjæli ?

All kristendom og all folkevokster maa renna
innantil. Slik som me byggjer vaart eige indre liv,
slik kann me vera med og byggja landet.

Hev me ikkje set det mange vendor i soga?
Store, gaaverike menner hev med alle sine
druste-lege verk ikkje lagt ein einaste levande stein til
folkeheimen. Der var brest innantil. Brest i
privatlivet. Kva vart det so av det heile?

Men mang ein unemnd mann og kvinna med
mindre evnor — hev bvgt fedralandet traust og

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 15:44:42 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ljosogvarm/0032.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free