- Project Runeberg -  Ljos og varme i Kristendomen /
45

(1913) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 45 —

lians Ande, som skal læra deim alle ting, so dei
kann gjera Jesu gjerning paa jordi.

Var dei fredlause, Jesus var full av himmelsk
fred. Vegen lian gjeng til dauden nemner han: eg
gjeng til Far. Um det storma rundt ikring Jesus, —
han gjekk like trygg sin veg. Han hadde fred med
Gud. Og so lenge han sat og tala slik med
disip-lane, kann du vera viss paa: noko av lians fred
sl røy ni de ogso inn til deim.

Men kor skal det ganga naar Jesus reiser fraa
deim? Hev nokon vore uskikka til aa greida seg
sjølve, so er det vel desse disiplane hans. Det
syner seg daa Jesus vart fanga og førd burt: daa
rømer dei alle som ein. Han som skulde vera
fyrstemannen i llokken, han banna paa at han
kjende ikkje det menneskje. So rædd vart han.
berre tenestgjenta peika paa han. Det var ikkje
rar karen aa senda ut i Jesu arbeid. Men dei var
ikkje stort mætare dei hine. Heile langfredagen,
heile paaske-eftan, og paaskemorgon med, — det
fanst ikkje ein av disiplane som trudde paa han.
Elska han gjorde dei, som me elskar ein ven me
hev mist. Men Jesu sak hadde dei gjeve upp. Dei
tvo paa vegen til Emmaus segjer det klaart: me
hadde trutt han skulde frelsa Israel: men det varl
ikkje so. Jamvel etter dei hev set Jesus uppreist
fraa dei daude finn me disiplane attum stengde
dører. Dei er so rædde, at dei vaagar seg ikkje
ut paa gata ein gong. Dei er rædde jødane skal
taka paa deim og fara med deim som dei hadde
fare med Jesus. Dei er ikkje mykje skikka til aa
ganga ut og forkvnna Jesu evangelium.

Men sjaa deim so paa kvitsundagen. Daa er
dei ikkje lil aa kjenna att.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 15:44:42 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ljosogvarm/0047.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free