- Project Runeberg -  Ljos og varme i Kristendomen /
52

(1913) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

daa skulde du sjaa kor det ljosnar i andlitet hans:
de maa daa ikkje stakra meg! eg hev det godt!
skulde ikkje eg ha det godt eg som hev slik ein
Frelsar’? — Han hev levt kvitsundagen sin han.

Ei gamall kona kjenner eg. Ho hev lege til
sengs i mange aar. Er glad naar nokon tittar
innum. Men vil dei til aa trøvsta henne, vert det
jamnaste til det at ho trøvstar deim. Det kjem
som ein lovsong: aa for ein Gud me hev! aa for
ein Frelsar me hev! Kor rike me er som fær eiga
all hans rikdom. Ho hev levt kvitsundagen sin
den gamle kona.

No maa du endeleg ikkje tru at dette herre
høver aal sume. Det høyrer oss alle til. Same
retten hev du, barneretten du fekk i daapen, herre
du vil gjera bruk av han. Rett til aa koma til
Kristus og segja: du er min Frelsar. Rett til aa
ganga til Gud i Jesu namn og segja: Gud, du er
min far; eg ogso er barnet ditt — for Jesu skuld.

I Jesu namn ja, — kva vil det segja? Det vil
segja: paa Jesu plass. Kjem her nokon i kongens
namn, daa stend han paa kongens plass, med
kongens rett. Naar du og eg fær lov aa beda i Jesu
namn, arbeida i Jesu namn, risa upp um morgonen
i Jesu namn, setja oss til bords og eta i Jesu namn,
leggja oss til aa kvila um kvelden i Jesu namn, —
daa vil det segja at me fær lov aa leva heile vaart
liv paa Jesu plass, paa barneplassen hans, med
barneretten hans. Me eig all hans barnerett.
Iklæder oss hans rettferd, hans fred, hans gleda, hans
kjærleik, hans styrke, til aa gjera hans gjerning.
Det er kvitsun-kristendomen. Slik vil Jesus me
skal tru paa han.

Hev du lese i efesiar-brevet, der Paulus sit i

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 15:44:42 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ljosogvarm/0054.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free