- Project Runeberg -  Norsk maalsoga for skule og heim /
8

(1907) [MARC] Author: Marius Hægstad
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Innleiding - Det norske maal si soga - 1. Den frumnordiske tidi (til 750)

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

ætti er : den romanske (italiensk, spansk, fransk o. fl.),
den græske, den slaviske (russisk, polsk o. fl.), den
keltiske (irsk, bretagnemaalet), den armeniske, den
ariske (indisk (sanskrit) og persar-maalet). Alle
dei folki som talar desse maali, er skylde med
kvarandre; det syner seg paa maali. Eit av dei
beste merki paa folke-skyldskapen er maalskylda.

*


Det norske maal si soga.



*



Me kann skilja millom 5 tidebil i den norske
maalsoga:
1.Den frumnordiske[1] tidi (til 750 etter Kr.).
2.Vikingtidi (750—1000 e. Kr.)
3.Den gamalnorske tidi (1000—1350 e. Kr.).
4.Den millomnorske tidi (1350—1525 e. Kr.).
5.Den nynorske tidi (1525 til vaar tid).


Med aarstali er det sjølvsagt at det her berre
er meint umkring den og den tid som er nemnd.
Me maa elles tenkja oss, at yvergangarne ikkje
alle stader er komne paa same tid eller paa same
maaten.

1. Den frumnordiske tidi (til 750).

Enno veit ingen kor lenge nordmennerne hev
vore i Norig. Dei eldste merki etter folk rekk
attende til den yngre steinalderen. Jordfunderne
fraa denne tidi (øksar, hamrar, spjotsoddar og dilikt

[1] Det gamle norske frum- bør me taka i bruk i staden for det tyske ur-; det liver enno i frumvaksen, frumvyrter o. fl.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:18:34 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/maalsoga/0008.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free