- Project Runeberg -  Norsk maalsoga for skule og heim /
9

(1907) [MARC] Author: Marius Hægstad
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 1. Den frumnordiske tidi (til 750)

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

av stein, bein eller horn) syner oss eit folk, som
hev livberga seg med veiding og fisking, og hev
butt i folketunne grender mest fram med havsida
(alt nord til Salta). Dei meiner at steinalderen her
i landet hev vart fleire tusund aar, til umkr. 1500
aar fyre Kristi fødsel.

Me finn ogso far etter folk, som hev brukt
bronse, det er kopar blanda med noko tin, til
vaapn og ambod; dei hev kjent til gull ogso, men
ikkje andre metal. Desse folki hev havt ikkje so
lite kultur; dei hev havt fullt gardsbruk; dei hev
vore hage til aa veva, og hev drive mykje med
sigling. Fraa denne tidi, bronsealderen, er
helleritningarne med bilæte av menneskje, dyr, skip o.
m. innhogne paa svadberg ymse stader i landet.
Ogso i denne alderen er det sjøbygderne — til
nørdst paa Helgeland — som er rikaste paa fun
der, allermest Jæren; men der er merke etter folk
inne i landet og, alt upp i fjellbygderne. Dei
reknar bronsealderen hev vart til umkr. 300 f. Kr.

Der er ingi minneskrift fraa steinalderen og
bronsealderen, som kann fortelja oss kva maal dei
tala i desse forne tider, so me veit ikkje med full
vissa kva folk det hev vore; men der er mykje
som gjer det trulegt at det hev vore nordmenner,
i vissa i bronsealderen.

Endeleg finn me fornminne etter folk som hev
kjent til jarn, sylv, bly, glas og andre emne,
umfram deim me hev nemnt fyrr. Denne tidi kallar
me jarnalderen; han rekk fraa 300 fyre Kr. til
umkr. 1000 etter Kr.

Dei plar skilja millom den eldre og den yngre
jarnalderen.

Fraa den eldre jarnalderen hev me mange
jordfunder, mest i gravhaugar som er runde. I
fyrstningi av den tidi til fram imot Kristi fødsel syner

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:18:34 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/maalsoga/0009.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free