- Project Runeberg -  Norsk maalsoga for skule og heim /
16

(1907) [MARC] Author: Marius Hægstad
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 2. Vikingtidi (750—1000)

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

— etter fylgd — til: hjarta, sjaldan, Skjoldulfr,
bjornur (derav sidan bjorn, bjørn).

Noko sidanetter, men fyre 900, kom den
ljodlogi upp, som me kallar u-ljodbrigdet, og som gjer
ein a til ǫ (eller ò) naar det i stavingi etter kjem
ein u eller v; t. d. barnu (fleirtal av barn) vart
til bǫrn (no born), og haggvja, hafud, staðul vart
til: hǫgga, hǫfuð (hovud), stǫðull (støl, sæter).

Desse merkelege ljodloger finn me i alle
norderlandi; men dei vart mest fylgjerett gjenomførde
i Norig, og u-ljodbrigdet mest i dei vestnorske
maalføri (i Gulatinglag, paa Island og
Vesterhavsøyarne). Maalet vart etter dette liksom umstøypt:
ordi vart stuttare og formerne færre, i-ljodbrigdet
flutte fram i munnen ei mengd med ljodar, som
fyrr laag langt inne, og u-ljodbrigdet jamna ut
sterke ljodmotsetningar. Med andre ord: talen
vart lettare og kvikare enn fyrr; maalet hadde
fenge eit anna grunnstøde (basis).

So stort maalskifte som dette i vikingtidi hev
me ikkje sidan havt i norsk maal.


Her er til slutt nokre prøvor av maalet i
innskrifter med den yngre runerekkja; runerne er
umbytte med latinske bokstavar:

Stein fraa Dynna, Hadeland:

gunuur kirþi bru þririkstutir iftir ostriþi tutur sina su uas mar
hanarst a haþalanti.
d. e. Gunvor Tryriksdotter gjorde bru etter
Astrid dotter si, ho var den hagaste møy paa Hadeland.

Formerne uas for var, og mar for mær syner oss
at denne innskrifti er gamall.

Stein fraa Skaalevoll, Vanse:

ranuauk raisti stain aftir akmunt hrabisun var sin. d. e. Ranveig
reiste (denne) stein(en) etter Ogmund Rafnsson, mann(en) sin.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Nov 10 18:04:51 2021 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/maalsoga/0016.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free