- Project Runeberg -  Norsk maalsoga for skule og heim /
17

(1907) [MARC] Author: Marius Hægstad
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 2. Vikingtidi (750—1000) - 3. Den gamalnorske tidi (1000—1350)

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

Formerne aftir og var for g.norsk eftir og ver,
og hr i hrabisun (misskrift for hrabnssun) syner
oss at dette maalet maa vera gamalt.

Stein fraa Stedje, Sogndal:
Olafr kunugr skaut mili staina þisa. d. e. Kong Olav skaut
millom desse steinarne.

Denne innskrifti er fulla noko yngre enn
vikingtidi; maalet er som i gamalnorsk, der det vilde
heita: Ólafr konungr skaut milli steina þessa.

Til samanlikning millom dansk og norsk i
vikingtidi, set me hit innskrifti paa
Hedebysteinen
(996), som etter den danske
runegranskaren Wimmer maa ha lydt:

ÞórólfR résþi stén þannsi, hémþegi Swéns, æftiR Erik
félaga sinn, es warð døðr, þá drængjaR sátu um Héðaby; en
hann was stýrimandr, drængR harða góðr.


Gamalnorsk:

Þórolfr reisti stein þenna, hirðmaðr Sveins, eptir Eirik
félaga sinn, es warð dauðr, þá drengir sátu um Heiðabý; en
hann vas styrimaðr, drengr harða góðr.


Umsetjing: Torolv reiste denne steinen, Sveins hirdmann,
etter Eirik lagsmannen sin, som vart daud (d. e. døydde), daa
modige menn sat um (d. e. kringsette) Heidaby; men han var
styremann, (ein) hardla god og modig mann.

3. Den gamalnorske tidi (1000—1350).

Kristendomen som me fekk fraa England
umkr. aar 1000, gav den norske kulturen høgre
formaal og mildare former, og me kom no i eit
stødigt og fredelegt samkvæme med andre kristne
kulturfolk vest og sud i Europa.

Hjaa engelsmennerne lærde me ogso
skrivekunsten med dei laglege latinske bokstavar; dei
skreiv med fjørpenn (t. d. gaasefjør) og svart blekk

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Nov 10 18:04:51 2021 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/maalsoga/0017.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free