- Project Runeberg -  Norsk maalsoga for skule og heim /
25

(1907) [MARC] Author: Marius Hægstad
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 4. Den millomnorske tidi (1350—1525)

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

skattlandi, so nær som Island og Grønland. For
aandslivet var det ein meinstøyt at dei fleste prestar og
andre embætsmenner sette livet til i denne sotti.
Ei merkeleg vanmagt, tiltakløysa og likesæla, som
ogso hadde andre og djupare politiske grunnar,
breidde seg ut yver folket. Det gjekk til atters
med alt. Harald Haarfagre si ætt døydde ut. Me
fekk kongar som styrde Norig fraa utlandet. Og
dei norske stormennerne, som var dei einaste som
i den tidi kunde ha halde uppe eit nasjonalt
merke, var so faa og veike, at dei vægde i
politiken for den svenske og danske adel. Desse
framande storfolk var i veksande magt, og gjenom
mange dører kom dei inn i Norig, og slost um
kven som her skulde vera herre, til dess dansken
endeleg fekk yvertaket. Nordmennerne kunde
ikkje eingong halda riket saman; me miste
Suderøyarne, Orknøyarne og Hjaltland.

Sume av dei største næringsvegjerne var i
henderne paa utlendingar, som hadde yvertaket i
handel og handverk i byarne; nordmannen slutta
jamvel med sigling paa utlandi. — I bokvegen var
det same armodsdomen som paa andre kantar.
Der var ingi bokskrivarar. Dei skreiv berre upp
det naudturvelegaste for det daglege liv: brev
(rettsbrev, skøytor, testament og dilikt), rekneskapar
og jordbøker, og tok avskrifter av loger. Av
brevi er det elles ei heil mengd berga fraa
flestalle bygder, og dette brevriket syner at
skrivekunsten heller ikkje i denne tidi hev vore so lite
utbreidd millom folket.[1]

Naar tilstandi var slike, er det sjølvsagt at
dei maatte hava innverknad i maalvegen og. Men


[1] At ogso folkediktingi hev livt paa folketunga, skynar
me av alle dei gamle segner og visor og eventyr, som
fyrst hev vorte uppskrivne i det 19de hundr.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:18:34 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/maalsoga/0025.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free