- Project Runeberg -  Norsk maalsoga for skule og heim /
26

(1907) [MARC] Author: Marius Hægstad
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 4. Den millomnorske tidi (1350—1525)

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

verknaden vart ikkje den same for bokmaalet som.
for talemaalet. Me lyt difor taka kvar av desse
sidorne for seg, endaa det er mangt — serleg i
den fyrste tidi — som gjeld like mykje talen som
skrifti.

Straks etter 1350 ser me ikkje større brigde
paa bokmaalet; men fleire framande ord kjem daa
inn her og der, eller vert tidare bruka enn fyrr,
og sume gamle former vert sjeldsynte, eller vik
undan for nye som er lettare. Dei framande ordi
hev ofte si rot i svensk paaverknad (t. d. bjugg
for bygg, hopast for vona) ; men naar dei skriv
þan man eller þæn man baade i subjektform (gn.
sá maðr) og i objektform (gn. þan mann),
daa hev dette sin grunn i eit aalment
vesteuropæisk straumdrag, som gjekk ut paa aa
kasta burt mykje av det gamle formstellet i maali,
og i staden difor lata ordfylgja faa meir aa segja.
Dette straumdraget, som alt hadde umskapa
engelsk, nedertysk, dansk og svensk og gjort deim
til formlette maal, tok no til aa ovra seg her og,
ikkje berre i bokmaalet, men fulla endaa meir i
talen. Dette tek snart fart, og det hev ikkje gjenge
ein mannsalder etter 1350, fyrr maalet vert ustødt
i bøygningarne, form paa form fell burt, og ord
fylgja veg meir enn fyrr. For kvar tid gjeng det
snarare med yvergangen. Heile formverket stend
snart og skjelv. Endingsvokalarne i og u minkar
det med, medan e og o fær yvertaket, liksom i
nynorsk og i nysvensk. Umkring 1420 er
maalet umlaga i mange stykke, og det vert som ein
stans. Men fyrr 10 aar er lidne, ber det i veg
atter samme leidi; no vert teiknet (og ljoden) þ
kasta og th uppteken i staden, og fleire gamle
former fell burt. Samstundes trengjer svensken
seg so sterkt inn at mange tek til aa skriva jak,

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Nov 10 18:04:51 2021 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/maalsoga/0026.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free