- Project Runeberg -  Norsk maalsoga for skule og heim /
27

(1907) [MARC] Author: Marius Hægstad
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 4. Den millomnorske tidi (1350—1525)

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

jach (sume ogso dansk jek) for ek (ɔ: eg), høra
for høyra, mer for meir og dilikt. Det svenske
maalet fekk paa denne tidi ein ny studnad, umfram
den sterke adelen, og det var Birgitte-ordenen,
ein svensk klosterorden, stadfest i 1379. Ordenen
hadde moderklostret sitt i Vadstena paa austsida
av Vettern; munkarne og nonnorne trøytte tidi
med handarbeid, studering, avskriving og
gudstenesta paa morsmaalet. Denne ordenen kom snart
til høg æra; pilegrimar vandra til Vadstena i store
skarar; og ikkje lenge varde det fyrr det vart
grunnlagt Birgitte-kloster i mange land. Her i
landet vart Munkeliv i Bergen i 1421 umgjort til
eit Birgitte-kloster, som byrja med munkar og
nonnor fraa Norig, Sverike og Danmark.
Birgittinarne skreiv mykje, men dei kunde ikkje halda dei
tri maali ser eller skriva deim reint, og det kom
daa upp eit underlegt blandingsmaal av (mest)
svensk, dansk og (minst) norsk, som er kalla
birgittin-maal og som i det 15de hundr. breidde seg
mykje her i landet og hjelpte til aa skjemma det
norske bokmaalet.

Umkring 1450 er her likevel endaa eit norsk
bokmaal, og dette bokmaalet kann me fylgja i
brevriket alt inn i det 16de hundr. Hadde Norig
kome seg fri fraa samlaget med grannelandi i tidi
1450—1500, vilde dette bokmaalet ha soge kraft
til seg paa sin eigen grunn og halde seg norsk,
til dess det hadde reist seg til ny vokster i den
uppgangstid for modersmaali som kom med
kyrkjeumboti. Men annars stod det ikkje likare til med
det norske bokmaalet i desse tider, enn at eit varigt
samband med Sverike eller Danmark maatte enda
med at svensk eller dansk vart bokmaal i Norig.

Det stod eit lite bil paa hekte at svensken skulde
vinna. Den svenske konge Karl Knutsson vart

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Nov 10 18:04:51 2021 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/maalsoga/0027.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free