- Project Runeberg -  Norsk maalsoga for skule og heim /
31

(1907) [MARC] Author: Marius Hægstad
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 4. Den millomnorske tidi (1350—1525)

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

sidan til a: g.norsk svaraði vert svarae, sidan
svara. I tingordi fell genitiv eller eigeformi ofte
burt: enden paa hornit (g.norsk : endi hornsins). —
Mange bøygningsendingar i adjektiv og verb fell
burt. — Nye former kjem fram, t. d. egh, ickie,
g.norsk : ek, ekki. — I den sudvestlege luten av
landet finn me tidleg klangfør konsonant i staden
for den vanlege norske klanglause : kertistigga
(Ryfylke 1366) for g.norsk kertistikar (d. e.
ljosestakar); paa den kanten av landet er soleis denne
yvergangen gamall og ikkje innkomen med dansk.

Paa Færøyarne fylgde maalføri ei tid same
stemna som i Norig. Men Færøymaalet gjekk
ikkje heilt fram til nynorsk, og er enno nærast
millomnorsk. Hjaltland og Orknøyarne heldt fylgje
heilt inn i nynorsken. Paa Suderøyarne døydde
norsken ut umkr. 1400; paa Grønland umkr 1450.

Her er nokre prøvor fraa millomnorsk tid:


Norsk riksmaal (1386): Wer viliom at þeer vitir
at wer hafuum tekit Ewindh a Ottarsio kona hans oc barn
hion hans oc varnadh godz hans allt bædhe laust oc fast som
han aa æller æigande wærdær j minna lut æller mæira j
hworio som huort er, loglighe j gudes waldh vara wærndh oc
konongligt traust.


Umsetjing: Me vil at de (skal) vita, at me hev teke
Øyvind paa Ottarsjø, kona hans og borni (hans), husfolki hans
og eigedomen (hans og) alt hans gods baade laust og fast, som
han eig eller vert eigande i smaatt eller stort i kva det er,
logleg i guds vald, vaar vern og kongelege verja. (Kongebrev fraa
Olav Haakonsson).

Norsk riksmaal (1449): Item lofuom wer þet at
efter vart frafall scall Noreghis rike oc inbyggiare hafua
sit fri kor at kiosa þeim þen till þeira herra oc konung sem
þem tykker at Noreghe er bæzst medh belatit vttan wer
hafuom efter oss lifuandis ein ekta son sem þer till kan verdha
fallen.


Umsetjing: Sameleis lovar me det, at etter vaart fraafall
skal Norigs rike og innbyggjarar hava sitt frie val til aa kjosa
(d. e. velja) seg den til deira herre, som dei tykkjer at Norig er

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Nov 10 18:04:51 2021 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/maalsoga/0031.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free