- Project Runeberg -  Norsk maalsoga for skule og heim /
32

(1907) [MARC] Author: Marius Hægstad
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 4. Den millomnorske tidi (1350—1525) - 5. Det nynorske tidebilet (1525 til vaar tid) - a. Eldste nynorsk (1525—1625)

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

best nøgd med, utan (so er at) me hev etter oss i live ein egte
son, som dertil kann vera fallen. (Kongebrev fraa Karl Knutsson)

Fraa Holme prestegjeld 1492: Hafde thei
thet i eide sinom at skipthet ær i mellom Halleland oc Onnedal
oor Møgekasthen oc i Møghehooffvid oc saa awsth efter, oc
sagdis they aldrige høra her aganga aa thessa marka skipthet
fyr en nw Peder Amundhson ageek henna.


Umsetjing : Dei hadde det i eiden sin at skiftet er
millom H. og U. fraa M. og i M. og so aust etter, og sagdest dei
aldri ha høyrt klaga paa dette markeskifte fyrr enn no (daa)
Peder Amundsson klaga paa det her. (Kunngjering fraa futen
Øyvind Ljotsson).

Maalrøra fraa 1516 : Wil ek thet ytermera a book ok
heligedoma swerie nar iak til krafder worder. Samaledes
ok ek Bærdor Ywarson po Dowre — haffwer iæk aldre
hørth eller sporth dhet wara omakath eller po taladh aff nogon
hwerken po tingh eller stæmne eller anner stas i all myn
dagha.
(Or eit diplom, dagsett Kongsgard paa Dovre 14de
mars 1516).


5. Det nynorske tidebilet (1525 til vaar tid).

Dette lange tidebilet vil det høva best aa
skipa i tri mindre : eldste nynorsk, eldre nynorsk,
og nyaste norsk.


a. Eldste nynorsk (1525—1625).

Det 16de hundradaaret kom med mykje ljos
og liv i Vest-Europa, med store uppedagingar og
uppfinningar, med aandeleg vekkjing og nasjonal
uppiysning; men for oss vart ikkje denne tidi til
den bate som ho kunde ha vore. Me laag
politisk og aandeleg paa slæp av Danmark; folket var
magtlaust og modlaust. Den danske politik førde
landet burt i den eine ulukka etter den andre,
ikkje minst med dei uvituge krigarne med Sverike.

Den lutherske kyrkjeumboti var her lite
fyrebudd; ho vart innførd i 1536 paa den same
herredagen i Kjøpenhamn, som vedtok at Norig ikkje
lenger skulde vera eit sjølvstendigt rike, men ein
landslut av Danmark. Arbeidet for den nye læra

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Nov 10 18:04:51 2021 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/maalsoga/0032.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free