- Project Runeberg -  Hallingdal og Hallingen / Utgjeve av Mehlums vener 1943 /
13

[MARC] Author: Anders Mehlum
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

ZACARIAS POVELSEN

Zacarias Povelsen heitte den fyrste lutherske
presten i Älsgjeld. Han kom til Ål i 1539, altso for
400 år sea. I Ål] som elles i landet heldt bøndane av
heile sitt hjarta fast ved si gamle tru og dei vilde
heller ikkje slutte med dei katolske skikkane under
gudstenesta. Zacarias Povelsen støytte på motstand
over alt, hard og kald motstand. Ingen tiltala han
lenger som hr. eller Far. Zacarias Povelsen var ein
kraftkar og ein dugande prest, som hadde for vane
å segja: «Når Gud og eg står saman i striden, er
me mange nok på vår side og sigeren er vår, endå
um ikkje eg lever den dagen våpni er lagde ned og
evangeliets fred breider seg over Hallingdal.»

Endå Zacarias Povelsen var ein sterk og robust
mann, som sagt er, tok det so hardt på han med
all denne motbør, at han ei tid drog burt frå embe-
tet — han var ogso mang ein gong truga på liv og
lemer. Älmugen hadde fått vita at han var født i
Tunsberg og i staden for heidersnamnet «hr. Zaca-
rias» sette dei på ”n klengenamnet «Tunsberg-
fanten».

Når almugen etter gamal sed og skikk kom til
kyrkja, samla kyrkjefolket seg på hesteplassen eller
hestegarden ovanfor den gamle kyrkjegarden. Her
vart det drikking, huging og skrål, hestebyting og
jamt slagsmål fyre messa. Heltydnor og kniv vart
ofte brukt og med stor kraft i slike slagsmål. Trast

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:22:37 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/mahalling/1943/0017.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free