- Project Runeberg -  Hallingdal og Hallingen / Utgjeve av Mehlums vener 1943 /
17

[MARC] Author: Anders Mehlum
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

17

teikn frå himelen på reinleik og uskuld og for at
Margit var dømd og avliva uskuldig. På dødslægje
vedgjekk ogso den stygge, lauslynde gjenta, som
hadde loge henne både frå æra og liv, at det var
hennar eige barn som var grave ned i Margitbakken.
No vart det eit ålment ynskje hjå folket i Torpo
at både det fine treet og liket av Margit skulde
flytjast ned på Torpo kyrkjegard. Dette vart Og’S0
gjort. Men medan dei dreiv på å grov for å få treet
upp med roten, høyrdest slik ein nauende fin klang.
Dei grov so djupare og fann dei tvo kyrkjeklokkone
som no heng i kyrkjetårnet på Torpo.. Kista med
liket til Margit vart no bore ned på kyrkjegarden
og grave ned der, og det vidunders vene treet vart
planta på gravi. Det stod der i 100 år frametter i
tidi. Klokkone vart hengde upp i stupulen og heng
no i tårnet i Torpo kyrkje, og der skal dei henge
so lenge verdi står. Det finst ikkje kyrkjeklokkor
som ringjer so vént og reint og lydt som Torpo-
klokkone, for dei har den véne, reine og uskuldige
Margit kvilt på.

Dei gamle veit sers vel å fortelja kvifor kyrkje-
klokkone på Torpo var gravne ned i Mårgitbakken:
I krigstider rana og røva fienden alt han kunde få
tak i. No var kyrkjeklokkone på Torpo vidgjetne
for sin makelaust fine og gode klang og saktens
noko å hava! Älmugen var difor svert bangen for
at dei kunde missa dei og grov dei ned i Margitbak-
ken ein gong dei venta fiendar gjenom dalen. Men
dei som hadde teke seg av med å flytja klokkone,
fall i krigen og ingen visste kor klokkone låg før
liket av Margit skulde flytjast til kyrkjegarden.

Eit anna segn melder at då den store kyrkje-
umboti (reformasjonen) vart sett i verk, kom det
ei ung gjente frå ein av byane her til Torpo og
tok alle dei katolske røykjelskar og støypte desse

2 — Hallingdal og Hallingen.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:22:37 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/mahalling/1943/0021.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free