- Project Runeberg -  Hallingdal og Hallingen / Utgjeve av Mehlums vener 1943 /
23

[MARC] Author: Anders Mehlum
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

23

stått og set på framferdi hennar. Han vart over
lag vreid og mana henne i stein, og slik står ho
endå, ned for Ørjunviki. Ein ser både nasen, mun-
nen og pannelinet hennar. Jutulen steig frå Linde-
libråten til burt på Norefjell i eit stig. Då han
kom der, høyrde han kyrkjeklokkone ringde på
Olberg i Krødsherad.

Og no vart han endå meir arg og kasta ein stor
stein etter kyrkja. Men han råka inkje. Steinen
vart liggjande ved Noresund, og ligg der endå. Stei-
nen snur på seg når det blir ringt med kyrkjeklok-
kone i Krødsherad.

BECH, LEIGH OG SKULEMEISTRANE
I ÅLSGJELD

Ein gong då Leigh var sokneprest i Ål skulde
biskop Bech koma der og halda overhøyring på
kyrkjegolvet, av ungdom og eldre. Leigh vilde
gjerne syne-bispen den største æra på alle vis. So
fekk han laga det so at alle skulemeistrane i preste-
gjeldet møtte til hest. Dei heldt rast i Ulshagen
til dess bispen og fylgje hans kom. Dei var klædde
i slik bunad som var vanleg til høgtids denne til:
raud trøye, kvit utsauma kufte, høg hatt, blåe
sokkar, sylvspente skor og kvit knebrok, vént ut-
sauma over knei.

Då bispen kom reid alle skulemeistrane, med
presten fremst, til møtes med han og helsa han.
Alle bles i lur eller prillahodn (bukkehorn) so det
ljoma gjenom dalen. Bispen tykte gjævt i denne
høgtidelege mottakingi, sa folk.

HERRIK PERRIK NØLAND

Det var ein gong tri smågutar, og foreldri deira
var døde. Gutane var redde for dei skulde svelta

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:22:37 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/mahalling/1943/0027.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free